29/08/2026
JA, VI VIL HA NYTT LIV I VOSS LOKALLAG!
Laget har lagt nede i fem år. No innkallar kontaktperson på Voss, Berit Mettenes (foto) saman med fylkesleiar til medlemsmøte for å blåse liv i lokallaget. Vi oppfordrar alle vossingar og dei som soknar til lokallaget om å møte opp. Sjå invitasjon nedanfor. Vi sjåast på Voss - Velferdssentralen, Sosialbygget måndag 14. september kl 18:00 🙂
MEDLEMSMØTE
Som medlem i Hørselsforbundet er du også medlem i lokallaget på Voss. Etter pandemien har laget dessverre ikkje kome seg på beina att. No meiner me at Hørselsforbundet Voss har lagt nede for lenge. Saman med fylkeslaget i Vestland ønskjer me difor å samle medlemmene for å blåse liv i lokallaget igjen.
Du som medlem veit best sjølv korleis det er å vere høyrselshemma i ulik grad. I eit lokallag kan du møte andre i same situasjon og bli ein del av eit fellesskap. Me kan møtast til sosiale tilstellingar, foredrag og andre opplevingar.
Eit lokallag har dessutan eit stort forbund i ryggen. Hørselsforbundet arbeider for betre tilrettelegging for personar med høyrselsutfordringar, mellom anna i arbeidslivet, på skulen og i samfunnet elles.
For å få lokallaget på Voss på beina att treng vi DEG – anten som medlem i styret eller som deltakar på dei ulike tilstellingane.
Me håpar at så mange som mogleg finn vegen til Velferdssentralen i Sosialbygget, 3. etasje, måndag 14. september kl. 18.00.
Representantar frå fylkeslaget i Vestland vil vere til stades og informere om arbeidet til Hørselsforbundet og om korleis det er å drive eit lokallag.
Det blir enkel servering med kaffi og te.
Vel møtt!
Vennleg helsing
Berit Mettenes, kontaktperson for Voss lokallag
Jan Erik Hagesæter, fylkesleiar