21/08/2021
Løv-Ham vs Bønes 3-2(3-0)
1-0, 17min, sjølvmål
2-0, 22min, "sjølvmål"
3-0, 42min
3-1, 50min, Kristian
3-2, 75min, Eivind
Kort: 4-5 gule totalt samt ett rødt til Løv-Ham(45min).
Publikum: 150++, veldig gledelig!
Dommartrio: Johannes Gjøsund(hd), Andreas Bjørklund(ad1), Tore-André Strand(hd2), Inge-André Håkull(veileiar).
Laget: Kjell(Lasse frå 43min), Mathias(Herdi frå 85min), Sefa, Nils, Henrik, Eivind, Haug, Sindre(Håvard frå 46min, Daniel frå 70min), Skot, Kartveit, Isak(Kristian frå 15min). Ubenytta: Ruben og Erlend.
Det vart meldt at det skulle vera ein gjeng med villdyr frå Bønes som skulle gå utpå banen i går kveld. På motsatt side sto løvene frå Løv-Ham. Man skulle tru det ville bli ein forrykende start på kampen. Men så feil kan man ta! Her ligna det meir på snegler mot lam. Ser man med tilskuer auger fyrste 30 minutta så fekk dei jaggu ikkje mykje for inngangsbilletten.
Heimelaget hadde ballen, utan at det var så farlig. Medan me rota den stort sett vekk dei gongene me fekk gode brudd. Allikavel sto det 2-0. Begge måla går under kategorien "Værsågod, her har du eit mål". Frå 30min og ut omgongen er dog heimelaget farlige ved nokre anledninger og får seg eit mål til. Mykje takka vera M. Sletten hjå heimelaget. Ein spelar som ikkje har noke som helst i 5.div å gjer. For det er han tre-fire divisjonar for god for. 3-0 kjem på eit frispark frå 25m som går over muren og i mål. Rett før pause gir dommaren rødt kort til backen til Løv-Ham, etter ein takling. Dette gir oss ein liten boost på veg inn i garderoben, etter ein heller laber 1.omg.
Me bestemmer oss i pausen for å trykke på, og gjer eit realt forsøk. Og for ein forvandling. Allerede etter 5.min så får me 3-1. Debutant Kristian jagar ein tilsynelatende håplaus ball i bakrom, men keeper roter det til og ballen spretter inn i målet. Me køyre på vidare og 15min før slutt setter Eivind inn 3-2 på eit langskot. Heller ikkje her var det vel keeper spel i verdsklasse. At me ikkje får 3-3 heilt på tampen er smått utrulig. Ballen gjekk alle plasser unntatt i mål etter eit fint angrep. Dommaren bles av og alle poenga blir igjen nede i dalen.
Å tape er aldri kjekt. Men. Bredden er i gong igjen. Noko som har vore sakna av mange. At det dukker opp så mange å ser på var utrulig kjekt å sjå! Og høyre publikum rope "få på deg brillene dommer" og melde om offsider i aust og vest var deilig. Utpå banen var det og tydelig at det å trene og det å spele kamp er to vidt forskjellige idretter. 6-7 bytter FØR pause pga diverse skader underbygger dette. Me takkar Løv-Ham for kampen, og ynskjer dei lukka til vidare.
Neste kamp er kommande fredag. Mot Østsiden-Askøy. I Fjellsdalen. Avspark kl 19:30. Håpar mange kan komme å heie oss fram!
Heia Bønes! ⚽😊