26/06/2025
Dag 12 – MÅL!
Like etter kl. 10 i dag landa Erlend på flåten i Zell am See – og fullførte dermed historiens lengste og tøffaste utgåve av Red Bull X-Alps. Over 1 200 kilometer til fots og i lufta gjennom dei brattaste, høgaste og mest krevjande fjella i Europa er tilbakelagt. For ein prestasjon – gratulerar, Erlend!
Bak kvar X-Alps-pilot står eit sterkt team, og ein stor takk går til støtteapparatet som har bidrege med alt frå logistikk og strategi til reparasjonar, motivasjon, matlaging og bæring: Ivar Bjerkebæk, Yermolay (Yogi) McAlice, Jeremy Paxson, Johannes Helleland og Nikolas van Etten