Bø MotoCrossKlubb

Bø MotoCrossKlubb Velkommen til Rallebanen og Bø MX Klubb. Se siden for når vi har åpent😊

NM i Lunner i helga🇳🇴 Tobias kvalifiserte i MX2🥳 Veldig fornøyd med det🥳
20/06/2026

NM i Lunner i helga🇳🇴 Tobias kvalifiserte i MX2🥳 Veldig fornøyd med det🥳

15/06/2026

Køyring tysdag og torsdag denne veka, frå 17.00 - 20.00!🏁 Usikker på kva som har skjedd med påmelding i GoBraap, men no skal det vere i orden og klart til i morgon!🥳

I helga er det runde 2 i Østlandscupen på Re😉👍 Bø mx har 3 førere som stiller til start🤩Lykke til Tobias, Alvin Emil og ...
14/06/2026

I helga er det runde 2 i Østlandscupen på Re😉👍 Bø mx har 3 førere som stiller til start🤩Lykke til Tobias, Alvin Emil og Andreas🙌

09/06/2026

Trening i dag avlyst grunna mykje nedbør.
Klare til torsdag att!🥳🏁

🏁 Støtt Bø MX-klubb gjennom Grasrotandelen! 🏁Visste du at du kan støtte Bø MX-klubb utan at det kostar deg noko ekstra? ...
04/06/2026

🏁 Støtt Bø MX-klubb gjennom Grasrotandelen! 🏁

Visste du at du kan støtte Bø MX-klubb utan at det kostar deg noko ekstra?

Bø MX-klubb er registrert som grasrotmottakar hos Norsk Tipping. Kvart år mottek me midlar gjennom Grasrotandelen frå personar som har valt å støtte klubben når dei spelar.

Støtte frå dei fire fyrste månadane i år er no komen inn, og desse midlane er med på å styrkje aktivitetstilbodet vårt, halde anlegget ved like og leggje til rette for vidare utvikling av klubben.

Har du ikkje valt grasrotmottakar enno, håpar me du vil vurdere å registrere Bø MX-klubb. Det tek berre eit lite minutt, men kan bety mykje for klubben gjennom året.☘️

Me har mange planar og mål for åra framover, og Grasrotandelen er ein viktig del av grunnlaget som gjer dette mogleg.👏🏻🥳

👇🏻

Statistikken viser totalt opptjente grasrotmidler og antall grasrotgivere for og er i inneværende periode oppdatert per forrige dag. For allerede avsluttede perioder vises status for periodens utløp.

Sikkerhetsledere for sesongen 2026😎Fast kjøring tirsdager og torsdager fra kl 17-20.
02/06/2026

Sikkerhetsledere for sesongen 2026😎
Fast kjøring tirsdager og torsdager fra kl 17-20.

🏁 EIN STOR DAG FOR BØ MX-KLUBB! 🏁I dag under Bilens Dag på Bø Torg fekk vi overrekt ein flott motocross-sykkel frå Grenl...
30/05/2026

🏁 EIN STOR DAG FOR BØ MX-KLUBB! 🏁

I dag under Bilens Dag på Bø Torg fekk vi overrekt ein flott motocross-sykkel frå Grenland ATV AS.

Me ønskjer å rette ein heilt spesiell takk til Ragnar i Grenland ATV for den utruleg rause gåva. Me seier det på ny - att for oss som frivillig klubb betyr slike bidrag mykje. Det handlar om moglegheiter, inkludering og rekruttering. Det viser også eit engasjement for barn og unge i lokalmiljøet som me set enormt stor pris på.

Me er både stolte, takksame og audmjuke over at Grenland ATV vel å støtte klubben på denne måten. Slik rausheit er ikkje noko me tek for gitt!

Den nye sykkelen vil bli brukt som utlånssykkel, slik at fleire barn og unge kan få prøve motocross utan å måtte investere i eigen sykkel først. Me veit at terskelen kan vere høg for mange familiar, og difor betyr denne gåva ekstra mykje.

Så har du eit barn som er nysgjerrig på motocross? Eller kjenner du nokon som kunne tenkje seg å prøve? Ta gjerne kontakt med oss! No har me endå betre moglegheiter til å la fleire få oppleve meistring, fartsglede og det gode miljøet i klubben vår.

På vegne av heile Bø MX-klubb: Tusen takk, Grenland ATV. De er med på å skape aktivitet og idrettsglede for barn og unge i mange år framover 👏🏁

I helga braker det løs med første runde i Østlandscupen på Haslemoen😎 Tobias og Alvin Emil stiller til start for Bø moto...
30/05/2026

I helga braker det løs med første runde i Østlandscupen på Haslemoen😎 Tobias og Alvin Emil stiller til start for Bø motocrossklubb🏍️🏍️💨💨 Lykke til🙌🙌

📢 Viktig informasjon om medlemskap i Bø MX-klubb 2026Bø MX-klubb har no tatt i bruk det nye systemet GoBraap for medlems...
29/05/2026

📢 Viktig informasjon om medlemskap i Bø MX-klubb 2026

Bø MX-klubb har no tatt i bruk det nye systemet GoBraap for medlemshandtering, fakturering og innsjekk på banen.

Frå no av vil medlemskap og tilgang til køyring bli handtert gjennom appen. For å kunne nytte banen som ordinært medlem må du vere registrert i GoBraap.

I overgangen frå det gamle systemet til det nye har me valt å ikkje overføre alle tidlegare medlemslister automatisk. Dette er gjort for å få betre oversikt over aktive medlemmar og sikre at medlemsregisteret er oppdatert.

Dersom du ikkje har fått tilsendt faktura for medlemskap 2026, kan det vere fordi du enno ikkje er registrert i systemet. Ta kontakt, så ordnar me dette.

For dei som veit at dei er registrerte som medlem, skal faktura for 2026 ha blitt sendt ut. Sjekk gjerne e-post, søppelpost eller appen, og ta kontakt dersom du er usikker på status.

Medlemskap er viktig for klubben. Det gir ikkje berre tilgang til aktivitet på banen, men bidreg også til drift, utvikling og vidare satsing på barn, unge og motocrossmiljøet vårt.

📩 Ta kontakt på melding her eller på tlf: 47298806 dersom du har spørsmål eller treng hjelp med registrering eller medlemskap.

Medlemsprisar 2026:
👇🏻

Takk for at de støttar Bø MX-klubb! 🏁

Adresse

Ralle Ved Hørte Elva
Bø I

Åpningstider

Tirsdag 17:00 - 20:00
Torsdag 17:00 - 20:00

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bø MotoCrossKlubb legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del