Det bøherriske stikompani

Det bøherriske stikompani Treningsgruppe for engasjerte stiløparar. Faste økter kl. 18 kvar tysdag. We train each tuesday at 18:00. Fokus på variasjon i løypeval kvar økt.

Det bøherriske stikompaniet (The trail company) is a training group for avid trailrunners based in the Bø-area. Faste økter kl. 18 kvar tysdag. Øktene varer mellom 1,5 til 2 timar. Bø og omegn har eit rikt utval av stiar i ulikt terreng, frå tekniske fjellstiar på Lifjell til mjuke skogsstiar i Breisåsskogen. English: Det bøherriske stikompaniet (The trail company) is a training group for avid tra

ilrunners based in the Bø-area. Bø has a rich selection of trails - from the technical Mountain trails at Lifjell to the soft forest trails in Breisås. Welcome all trail runners!

Tysdag 23.august er det fyrste økt med Det bøherriske stikompaniet for haustsesongen. Turen går i det fine, småkuperte t...
17/08/2022

Tysdag 23.august er det fyrste økt med Det bøherriske stikompaniet for haustsesongen. Turen går i det fine, småkuperte terrenget på Folkestadmogane (på lokalt løpespråk «MOGÆNN»). Mykje sti av høg kvalitet. Turen byrjar på grusparkeringa framom Telemarkshallen, deretter over Viermyra og ned mot vakre Høgefoss. Me spring så langs Hørteelva mot Brukås, inn på grusvegen ved Ølsbru, og følgjer denne oppover. Ein tek så av mot Folkestadmogan, opp kneikane som fører opp til mogane att, og tek deretter av mot dei to Trytetjønnane, Avslutningsvis spring me forbi Trytetjønnane før me tek av mot Telemarkshallen att.

Det er moglegheiter for å utvide ruta. Viss det er varmt, kan det vera lurt å ta med drikke. Gje lyd om du treng skyss.

Rute: Rundtur på Folkestadmogane (sjå vedlagte kart)
Lengde: ca. 10 km
Kategori: Moderat terreng
Oppmøte: Tysdag 23.august kl. 18 på grusparkeringa framom Telemarksfestivalen
Estimert tid: Under 1,5 time

Vel møtt!

Fyrstkommande tysdag blir det ny økt med Stikompaniet. Denne gongen er det eit klassisk turmål i Bø som står for tur, ne...
27/05/2022

Fyrstkommande tysdag blir det ny økt med Stikompaniet. Denne gongen er det eit klassisk turmål i Bø som står for tur, nemleg Bryggefjell! Turen startar frå parkeringsplassen på Innleggen i Liheia. I løpet av turen vil vi vere innom både Bryggefjellnuten, trollske Tjønnstuldalen, Ånto husmannsplass og Dingdangkyrkja.

Rute: Bryggefjell om Tjønnstuldalen, Ånto og Dingdangkyrkja (sjå vedlagte kart)
Lengde: ca. 13 km
Kategori: Moderat/hard (kupert terreng)
Oppmøte: Tysdag 31.mai kl. 18 på parkeringsplassen ved Innleggen.
Estimert tid: 2 timar
Parkeringsplassen på Innleggen (Google Maps): https://www.google.com/maps/dir//59.4443725,9.0170689/@59.4441133,9.0161234,298m/data=!3m1!1e3

Vel møtt!

Grunna grunnlovsdagen blir stikompaniøkta flytta til komande torsdag 19.mai. Oppmøte kl. 18:00 ved innkøyrsla til Grivi ...
16/05/2022

Grunna grunnlovsdagen blir stikompaniøkta flytta til komande torsdag 19.mai. Oppmøte kl. 18:00 ved innkøyrsla til Grivi studentheim. Kjem du med bil, så er det mogleg å parkere på Nr. 1 Fitness eller studentheimen.

Rute: Elverunden (sjå vedlagte kart)
Lengde: ca. 10 km
Kategori: Lett (Lett kupert terreng)
Oppmøte: Torsdag 19.mai kl. 18 ved Grivi studentheim
Estimert tid: 1,5 timar

Elverunden er ein lokal klassikar. Stort sett veldig lett terreng, men med nokre få harde og korte "knekkerar". Mykje god sti kombinert med grusvegar.

06/05/2022

Det blir ikkje økt med stikompaniet komande tysdag (10.mai) grunna Sport1-karusellen. Løpskarusellen er både eit fint sosialt arrangement og ein god måte å teste løpeformen.

Neste rute med stikompani blir den legendariske elverunden. Det er ein runde i lett kupert terreng som passar alle, og viktigast: Det er mykje god sti! Ruta blir langt ut neste veke. Bli med!

Lenke til Sport1-karusellen 10.mai (5 km landevegsløp): https://fb.me/e/50sfOEgNu

Komande tysdag 3.mai kl. 18:00 blir det ny økt med Stikompaniet. Under følgjer info om økta:Rute: Høyslass->Bruskor->Tre...
28/04/2022

Komande tysdag 3.mai kl. 18:00 blir det ny økt med Stikompaniet. Under følgjer info om økta:

Rute: Høyslass->Bruskor->Trellsborg (sjå vedlagte kart)
Lengde: 14-15 km
Kategori: Hard (kupert terreng, runden har totalt ca. 700 høgdemeter)
Oppmøte: kl.18:00 på friidrettsbanen v Gullbring/Høgskulen (bilete)
Estimert tid: 2 timar

Ei av dei mest populære rutene blant lokale stiløparar. Det kuperte terrenget inneheld ikkje berre fyrsteklasses stiar og mange høgdemeter (ca. 700), du passerer også fleire historiske stader. På toppen av Høyslass ligg ein gravhaug frå bronsealderen. Den neste toppen, Bruskor, har panoramautsikt over Bø. Siste stopp er på Trelsborg, ein bygdeborg bygt på 500-talet.

Kan du ikkje delta heile runden, er det fleire avstikkarar (markert med oransje i kartet) som kortar ned turen.

PS! Det kan vere lurt å ta noko å drikke.

English:

A popular route among local trail runners. The hilly terrain includes not only first class trails and many altitude meters (approximately 700), you also pass by several historical sites. At the top of Høyslass there's a Bronze Age burial mound. The next top, Bruskor, has one of the best panorama views of Bø. The last stop is at Trelsborg, a stone fortress ruin presumably built in the 6th century AD.

If you can't join the whole trip, it's possible to take shorter routes underway (marked in orange in the map). We start at the athletics track (red point in map) close to the university.

PS! It's smart to bring with you something to drink.

Me køyrer på med fyrste faste trening med stikompaniet i morgon, tysdag 19.april, kl. 18.00. Oppmøte på parkeringa ved F...
18/04/2022

Me køyrer på med fyrste faste trening med stikompaniet i morgon, tysdag 19.april, kl. 18.00. Oppmøte på parkeringa ved Folkestad barnehage (Hellåsen 2).

Runden blir på Folkestadmogane der det florerer av gode stiar. Lengda på ruta er ca. 14 kilometer med 300 meter stigning. Det tek truleg mellom 1,5-2 timar. Det er mogleg å kutte løypa fleire stader viss ein ikkje kan vera med heile vegen. Løypeprofilen har lett kupert terreng. Det er meldt strålande vêr.

---
First trail session tomorrow, tuesday 19.april. Show up at the parking lot of Folkestad barnehage (Hellåsen 2, 3800 Bø). Send us an messange if there's any questions.

Adresse

Bø I

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Det bøherriske stikompani legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del