Kvam Klatreklubb

Kvam Klatreklubb Klatreklubb for klatreentusiastar i Kvam og alle som likar Kvam! Forutan dette klatrar me rett som det er på feltet Seianeset i Ålvik. Dersom veret tillét dette.

Kvam Klatreklubb har i 2025/26 fylgjande treningstider i Øystese Idrettshall:

Vaksenklatring tysdag 19:00-21:00

Barneklatring torsdag 17:00-18:30 (foreldre eller ein vaksen må vera med)

For dei som har nøkkelkurs og brattkort er det anledning til å klatra fredagar 19:00-22:00 i Øystese Idrettshall. Sjekk ut føraren for feltet på framsida vår. (For enkelt medlem er prisen 450 kr/år. For familiemedlem er prisen 650 kr/år

Alle medlemmer må snarast gå inn på www.minidrett.no og registrere seg som medlem på "kvam klatre klubb". Dersom du ikkje har vore på min idrett før, må du registrere deg som bruker. Betaling for medlemskap vert gjennomført i forbindelse med registrering. Alle som har betalt medlemskap vert automatisk forsikra i all klubbaktivitet til kvam klatreklubb, gjennom Norges Idrettsforbund. Sjå link under for meir info om forsikring:

https://klatring.no/klubb/klubbdrift/forsikringer/

Håpar mange er interesserte og møter opp.

No er det straks oppstart med klatring att – både for store og små🧗‍♂️ Fyrste vaksenklatring vert neste tysdag 25. augus...
22/08/2026

No er det straks oppstart med klatring att – både for store og små🧗‍♂️ Fyrste vaksenklatring vert neste tysdag 25. august klokka 19:00–21:00, mens fyrste barneklatring vert torsdag 3/9 klokka 17:00–18:15.

Viktig info (barneklatring)‼️
Me skal ta i bruk appen Spond for å få betre oversikt over oppmøte på barneklatringa. Alle med barn som skal vere med må sende oss kontaktinfo via e-post, sånn at me får lagt dei inn i systemet. Det må vere minst 3 barn påmeld for at økta vert avvikla.

📩 [email protected]

Vel møtt og god klatring!

‼️Me startar ikkje oppatt med barneklatring denne sesongen (25/26)‼️ Det vil og skje nokre endringar i oppsett rundt kla...
12/04/2026

‼️Me startar ikkje oppatt med barneklatring denne sesongen (25/26)‼️ Det vil og skje nokre endringar i oppsett rundt klatringa til hausten – informasjon kjem seinare. Beklager ulempene dette medfører. Fint om de hjelper oss å spre ordet👏

01/03/2026

Er du interessert i å bidra til å styre og drifte Kvam Klatreklubb vidare? Styret trenger driftige unge lovende til å vudereutvikle klubben og arrangementer. Veldig kjekt og givande arbeid, og viktig for at det skal vera forskjellige aktiviteter i heradet. Ta kontakt for spørsmål 🤗🤩

24/02/2026

Pga vinterferie er det ikkje organisert klatring i dag.

14/02/2026

Innkalling til årsmøte:

Årsmøte vert den 03.03 kl. 18.00. Kjem attende med stad.

Innkomne saker må vera styret i hende innan 24.02.

Saker:
Årsberetning
Økonomi
Innkomne saker
Val

Det vert ingen organisert klatring før årsmøtet er omme.

Vel møtt!

NB‼️ Grunna samtidigheit med andre aktivitetar og lavt oppmøte på dei siste øktane tek me ei pause i barneklatringa frå ...
12/02/2026

NB‼️ Grunna samtidigheit med andre aktivitetar og lavt oppmøte på dei siste øktane tek me ei pause i barneklatringa frå i dag torsdag 12. februar til etter påske. Det vil sei at det ikkje vert arrangert barneklatring før torsdag 9. april🧗‍♂️

Me set pris på om de videreformidlar beskjeden til dei det angår👏

NB‼️ Grunna arrangement i Øystesehallen denne veka vert det ikkje organisert vaksenklatring tirsdag 6/1 eller barneklatr...
05/01/2026

NB‼️ Grunna arrangement i Øystesehallen denne veka vert det ikkje organisert vaksenklatring tirsdag 6/1 eller barneklatring torsdag 8/1. Spre ordet til andre medklatrarar🧗‍♂️

08/12/2025

Det er ein del som kan sikre på topptau, men manglar Led-delen. Me har derfor satt opp kurs for Led-delen i brattkortkurset. Det vert fredag den 12.12 klokka 16:15 i Øystese idrettshall. Det er kun to ledige plassar, fyrstemann til mølla!! Kroner 650

Kjekt med jolabord i bydn😎 Ei solid klatreøkt i Vestveggen, så (rå)god mat på Sumo – takk for laget🧗‍♂️🍣
23/11/2025

Kjekt med jolabord i bydn😎 Ei solid klatreøkt i Vestveggen, så (rå)god mat på Sumo – takk for laget🧗‍♂️🍣

Denne veka har me hatt innføringskurs i klatring innandørs. Fire flinke deltakarar har vore ivrig og lærevillig på alt a...
22/11/2025

Denne veka har me hatt innføringskurs i klatring innandørs. Fire flinke deltakarar har vore ivrig og lærevillig på alt av teori og praksis🧗‍♂️ No gjenstår kun litt øving på tirsdagene, so vert det brattkortprøve på heile gjengen👏 Bra jobba!

Adresse

Øystese
5610

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvam Klatreklubb legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kvam Klatreklubb:

Snarveier

Del