Skisenteret i Fardalen

Skisenteret i Fardalen IL Jotun
Lysløype og akebakke. Toalett og varmestove.

Minneord Olav Olai HolsæterEi eldsjel, ein heidersmann og ein bauta i Jotuns skihistorie har gått vekk!Det var med stor ...
25/05/2026

Minneord Olav Olai Holsæter

Ei eldsjel, ein heidersmann og ein bauta i Jotuns skihistorie har gått vekk!

Det var med stor sorg Skigruppa mottok meldinga om at Olav Olai Holsæter hadde sovna inn etter kort tids sjukdom 14. mai. Olav levde eit langt liv og 23. februar 2026 fylte han 99 år.

Olav var ei viktig drivkraft i anleggsarbeidet på 70-talet både med å få på plass lysløypa, men og Skihytta i Fardalen.
Ilag med Ingrid hadde Olav hovudansvaret for drifta av Skisenteret i mange tiår. Olav kjøpte til og med inn snøskuter for eiga rekning og køyrte opp skispor medan Ingrid steikte pannekaker, fyrst i ei brakke nede på parkeringsplassen, seinare i Skihytta. Dette gjorde dei ikkje for eiga vinning, men for å glede andre.

Olav og Ingrid hadde ikkje born sjølve, men alle besøkande i skianlegget vart mottekne som om dei var deira eigne og alle, store og små, vart høgt verdsette.

Olav var skitrenar på lokalt nivå i ei årrekke både for skiskulen og aktive løparar, men han hadde og verv som krinstrenar for skiaktivitetar.

Sjølv om Olav etter kvart let andre overta driftsansvaret for Skisenteret var han ikkje framand for å ta i eit tak når det var trong for det. Trenar, tidtakar på renn, kvisting/merking av turløypa, snømåking og utallege timar vinterstid oppi Åsetelva anten med ishakking eller tining av vassrøyr for å nemne noko.
Olav var ei ekte eldsjel!

Olav var vel det me må kunne kalle ein Fardalspatriot. Han hadde budd heile livet på Vigarsletti i Fardalen til han hausten i 2023 flytta ned på Neset, og etter kvart inn i ein eldrebustad i Øvstetunshagen.

Tida som aktiv utøvar er dårleg dokumentert og Olav sjølv snakka lite om den, men me veit han var aktiv både innan ski og maratonløp i sine yngre dagar.
I 1951 vann Olav ilag med Per B. Gjerde og Lars Heggheim vandrepokalen i Årdalsrennet til odel og eige.

I 1993 vart Olav utnemnd til æresmedlem i Jotun for sin lange innsats for langrennsmiljøet.
Olav var ein mann av Jotun og siste arrangementet han deltok på var 100-årsjubileet til Jotun i 2023. Trass i at han var den med høgst alder var det mange langt yngre som avslutta feiringa den kvelden før han.

Dei siste vekene budde han på ÅBO. Ikkje av helseårsaker, men fordi han ynskte å treffe meir folk enn han gjorde i Øvstetunshagen.

Tusen takk Olav, for den du var for Skigruppa og Skisenteret, men og som person.
Og tusen takk for minnegåva til Skisenteret i høve bortgangen din.

Skigruppa lyser fred over Olavs minne.
Kvil i fred, og takk for lang og trufast teneste.

Skigruppa, IL Jotun

Sesongen 2025/2026 oppsummert Årets sesong har vore utfordrande på mange måtar.Det vart tidleg kaldt so bekkar og grøfte...
01/04/2026

Sesongen 2025/2026 oppsummert

Årets sesong har vore utfordrande på mange måtar.
Det vart tidleg kaldt so bekkar og grøfter kjøva, men snøen let vente på seg.
Vanlegvis kan me leggje fyrste spora fram langs vegen i romjula, men ikkje denne sesongen. 17. januar!! vart fyrste spora lagt opp til Murane. Eg kan ikkje hugse det har vore so lite snø at det ikkje har vore råd å få lagt spor rundt lysløypa før. Me fekk laga til eit avgrensa område borte på Myri i samband skileiken, men utover det vart det berre køyrt nokre rundar med skuteren og glattebrettet. Løypemaskina har vel vore historisk lite i bruk i år, men ho har no fått lufta seg.

Snømangel og kulde førte og til at me berre fekk arrangere 3 av 5 kveldar med skileik. Heldigvis fekk me avslutte med stil, med "OL i Fardalen".
67 ungar stilte til start i det uhøgtidlege rebusløpet vårt. Dette vart ei triveleg økt både for vaksne og ungar, men eg må ærleg innrømme at 1,5 time før start såg det svart ut, heilsvart! Halve området fløymde over av vatn og is. Då me sto med vatnet til knes for å drenere grøfta mellom vegen og leikeplassen framom Tidtakarbui var eg ikkje mykje optimistisk, men som med alt anna når Jostein er på saka vart det ei ordning.

Målet med avslutningsøkta for skileik er at ungane skal få ein ekstra kjekk kveld i Fardalen. Det er og ein måte for oss å få vist fram dei flotta sponsorane og samarbeidspartnerane våre.
Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Årdal Kraftlag, Årdalsnett og Hydro er hovudsponsorane våre, men me har og fleire mindre sponsorar som er med på å sikre den daglege drifta vår. HMR i lag med Tess sikrar drifta av løypemaskina. Utan drivstoffstøtta til HMR kunne me aldri ha preparert løypene so ofte som me gjer i ein normalsesong. Tess sikrar alt av forbruksmateriell og slitedeler til løypemaskina, med meir. Coop Extra gjev oss gode prisar på kioskvarer og anna forbruksvarer til Skihytta. Sport 1 gjev oss gode prisar når me treng nye klede. Europris supplerer med kiosk- og forbruksvarer i tillegg til å sponse premiar når me treng det. Agnitio syter for at værstasjonen og kamera er oppe og går slik at me til ei kvar tid får sett forholda.
TUSEN TAKK til dykk alle!

So har me nokre andre som fortener ei spesiell takk.
Jostein, sjølvsagt. Løypebasen, mekanikaren, vaktmeisteren... ein uvurderleg mann for oss! Kva me skal gjere når dagen kjem der han vel å takke for seg tørr eg ikkje tenke på.

Fam. Hestetun med seniorane i tet som sjølvutnemnt har teke på seg eit overordna ansvar for Skihytta og kioskdrifta.

Instruktørgjengen min som nok eit år har losa ungane gjennom øktene med skileik.

Til slutt Nina, Tirill og Linda som også i år har teke nokre økter i kiosken.

Økonomien er ei anna utfordring me har hatt denne sesongen. Lite snø/dårlege forhold førte til låge besøkstal som igjen førte til låge inntekter. Øktene med skileik vart redusert frå 5 til 3. I tillegg såg me at oppslutnaden i år var vesentleg lågare enn tidlegare år.
Me har og måtta utføre nokre småreparasjonar og byte av utstyr i Skihytta. M.a. måtte me byte tidsuret som styrer lyset i lysløypa, termostaten til varmekablane på doen og både vasskokar, mikrobølgeomn og stavmiksar på kjøkenet valgte å ryke i år. Alt er erstatta eller reparert so me er klare til neste sesong, men eg minner om at både kontonummer 3705.39.43285 og VIPPSnr 508717 er tilgjengeleg heile året, ikkje berre i sesongen 😄

Etter "OL i Fardalen" avslutta me sesongen rundt Skihytta. Regn og mildvær sette ein stoppar for sesongen. Når det er sagt er det ingen grunn til å pakke vekk skia heilt enno. Hæreid har på oppdrag frå Tindevegen fresa vegen opp til Murane so det er berre å ta med seg skia og reise til fjells!

Sjølv om det er meir snø i høgfjellet er det likevel mindre enn det pleier vere. Me har derfor bestemt at turløypene inn Langedalen og til Åsete ikkje vert stikka i år. Om det vert køyrt skuterspor ila påsken tek me ei vurdering på undervegs.

I og med sesongen rundt Skihytta er avslutta vil det heller ikkje i år verte arrangert påskerenn.

Då står det berre att for meg å takke for i år og håpe neste sesong vert vesentleg mykje betre!
Velkomne i Fardalen skal de vere alle saman!

- Audun, Leiar -

Været har so langt ikkje spelt på lag med oss, noko som har ført til at me har måtta avlysa to kveldar med skileik. Me h...
01/03/2026

Været har so langt ikkje spelt på lag med oss, noko som har ført til at me har måtta avlysa to kveldar med skileik. Me håpar likevel det skal halde seg, nok til at me får gjennomført siste økta på tysdag for me har STORE planar 🥳

Flotte forhold med nykøyrte løyper til Murane. Litt blaut rundt skihytta.
28/02/2026

Flotte forhold med nykøyrte løyper til Murane. Litt blaut rundt skihytta.

Det er framleis noko holrom i vaktlista for den som kan tenke seg å ta eit skift i Skihytta.
24/02/2026

Det er framleis noko holrom i vaktlista for den som kan tenke seg å ta eit skift i Skihytta.

Fint i soli i dag ❄️🌞 Søndag er kiosken open 12-15 ☕️ Velkommen!
21/02/2026

Fint i soli i dag ❄️🌞 Søndag er kiosken open 12-15 ☕️ Velkommen!

Murane I dag🌞, nysnø og ny køyrte løyper.
21/02/2026

Murane I dag🌞, nysnø og ny køyrte løyper.

05/02/2026

ÅRSMØTE
Tid: måndag 9. februar kl 18:00
Stad: Klubbhuset

Sakliste
1. Velkomen
2. Konstituering
- Godkjenning av innkalling
- Val av møteleiar
- Val av sekretær
- Val av to personar til å signere protokollen
3. Årsoppgjer 2025
- Årsmelding
- Rekneskap
4. Budsjett 2026
5. Innkomne saker
6. Val
- Val av leiar
- Val av styremedlemmer
7. Skitrekk/heis
8. Ymse

Boki er omsider på plass att i postkassen i Murabrekka. 😄Minner og om at me prøver halde kiosken open søndagar kl 12-15 ...
31/01/2026

Boki er omsider på plass att i postkassen i Murabrekka. 😄
Minner og om at me prøver halde kiosken open søndagar kl 12-15 framover

24/01/2026

Open kiosk søndag
Sjølv om forholda ikkje er heilt som me ynskjer er det fullt mogeleg å gå framover etter vegen.
Søndag 25.1 prøver me å halde kiosken open frå kl 12 til kl 15

Adresse

Fardalsvegen
Øvre Årdal
6884

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skisenteret i Fardalen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del