01/09/2026
Bli med på Friidrettens dag på Ørsta stadion 8. september!
Ørsta IL friidrett inviterer til Friidrettens dag på Ørsta stadion tysdag 8. september kl 18-19. Påmelding kl 17:30.
Dette er eit morosamt og uhøgtidleg arrangement for aldersgruppe 3-12 år.
Her er alle velkomne, både dei som allereie går på friidrett og dei som har lyst til å prøve friidrett.
Utøvarane går fritt mellom 10 stasjonar der ein får prøve ulike friidrettsøvingar.
Vi tek tid og måler resultat og skriv resultat rett på startnummeret.
Tid og stad:
Ørsta stadion tysdag 8. september kl 18:00-19:00.
Påmelding og utdeling av startnummer ved frammøte kl 17:30-17:45.
Deltakaravgift kr 50,-. Betaler med Vipps ved frammøte.
Sjå meir info på nettsida vår.
Ørsta IL friidrett inviterer til Friidrettens dag på Ørsta stadion tysdag 8. september kl 18-19. Påmelding kl 17:30. Dette er eit morosamt og uhøgtidleg arrangement for aldersgruppe 3-12 år.