28/05/2026
Hold an, hold an !
No kjem bygdas kanskje råaste geit smygande i det mest ulendte terreng !
Skitrekket og fotballgruppa har gått saman om å kjøpe ein fjernstyrt beitepussar som skal temme gras, kratt og ymse jungelvekst rundt fotballstadion og i skitrekktraseen 😎
Her snakkar vi mindre kantklippar og beitesakse i ulendt terreng og meir effektiv klipping med joystick i handa og peltor på haudet 😎
Eit slikt prosjekt hadde vi ikkje fått til utan gode støttespelarar, så ein stor takk går til:
- Måsøval
- Samfunnsutbytte SpareBank 1
- Vartdal Gjenvinning
- Øye Maskin
Kjekt når lokale aktørar, samt Samfunnsutbytte frå SpareBank 1 er med og bidreg til aktivitet, dugnad og levande nærmiljø !