22/05/2026
Gratulerer til våre to gutar Bjørnar Mårstøl Standal og Emelias Kristiansen Hovdenakk som er tekne ut til Regional Storsamling (RSS) i regi av Norges Håndballforbund Region Nord👏🤾♂️
RSS er ei av dei største spelarutviklingssamlingane i regionen og samlar spelarar som har vist gode ferdigheiter, treningsvilje og utviklingspotensial gjennom sesongen. Her får spelarane møte handballspelarar frå heile regionen til treningar, kampar, testing og fagleg utvikling med instruktørar frå regionen.
At Ørsta Handball har med to spelarar på samlinga er veldig kjekt og noko heile klubben skal vere stolte av🙌
Vi gratulerer Bjørnar og Emelias med uttaket og ønskjer begge lykke til på samlinga🖤🤍