27/05/2026
NY SIGNERING! ✍🏼💫
Vi har gleda av å annonsere at Marius Liaskar Bjerkvik er ny Ørsta-spelar. Marius kjem frå Hovdebygda og sluttar seg til A-laget til Ørsta med umiddelbar verknad.
– Eg gler meg til å kome til Ørsta først og fremst fordi eg har lyst til å utvikle meg vidare som fotballspelar. Ørsta er ein klubb med stor historie i breiddefotballen, og sjølv om klubben kanskje ikkje alltid har fått ut heile potensialet sitt dei siste åra, føler eg at Ørsta no er inne i ei veldig positiv utvikling. Det blir jobba godt med både treningskultur og utvikling, og eg opplever at rammevilkåra for å kunne utvikle meg som spelar er på plass.
– Eg hadde også mi første fotballtrening i Ørsta som femåring då eg fekk vere med dei som var eitt år eldre og trene, og eg har fleire gode kameratar som spelar i klubben.
– Store delar av familien min er Ørsta-supportarar, og med både onklar, brør og ein far som er engasjerte i Ørsta-fotballen, blir det ekstra kjekt å kunne gå på bana i Ørsta-drakta. Som spelar ønskjer eg å bidra med innsats, gode haldningar og vere ein lagspelar som jobbar hardt både på trening og i kamp.
Sportsleg leiar Kenneth Nydahl kjenner Marius godt frå tida i HIL, og veit godt kva 19-åringen står for.
– Marius er ein spelar eg har følgt lenge, ein spelar eg henta til Hovdebygda då eg var trenar der, og han leverte absolutt både på trening og i kamp. Då Marius tok kontakt om moglegheita for spel hos oss her i Ørsta, var eg aldri i tvil om at svaret var ja. Han er ein 100 %-mann som er klar for å leggje ned det som trengst for å vere med på å løfte laget og klubben framover.
Vi ønsker Marius velkommen til klubben og gler oss til å sjå han i aksjon på Aurstad arena i kvitt og svart!
🤍🖤⚽