24/08/2026
No er det snart klart for nytt år med allidrett, i år for dei som er fødde i 2020, 2021 og 2022 😄 Satser på at vi snarleg kjem i gong!
Foreløpig ser det ut til at vi har fått tildelt følgjande treningstider: torsdager for dei som er fødde i 2020 (Ørstahallen), tirsdager for dei som er fødde i 2021 (gymsalen på Vikemarka) og onsdager for dei som er fødde i 2022 (gymsalen på Vikemarka). Med atterhald om at dette kan endre seg.
For å melde på barnet ditt må du som forelder først registrere deg i Hoopit, om du ikkje er det frå før. Registrer deretter barnet (om det ikkje tidligare er registrert), og trykk på «+» -teiknet før du søker opp Ørsta Idrettslag. Då vil du sjå «Allidrett» som alternativ og så vel du riktig gruppe. Gruppene heiter «Allidrett 2020», «Allidrett 2021» og «Allidrett 2022».
Vidare informasjon vert gitt på Hoopit, og grupper kan evt bli delt opp innbyrdes når vi ser kor mange påmelde det blir. Det er behov for fleire foreldre som styrer i både 2021- og 2022 gruppa (ansvar for Hoopit, lage fordelingslister ++) så meld gjerne interesse!
NB! Tilbodet er gratis. Foreldre må være med å organisere treninger på rullering.