24/07/2026
Gladmelding! I dag, fredag 24. juli, flytta den siste korga seg på plass til ny og utvida frisbeegolfbane på Seimsåsen, og den er klar for spel! Eit utal dugnadstimar er lagt ned for å få dette til - ei stor takk til dugnadsgjengen og særleg primus motor Sindre for design og framdrift.
Ny bane har fått tre ulike variantar: Blå (18 hol, mest krevande), raud (18 hol, medium) og gul (10 hol, nybyrjar/familievennleg)
‼ OBS: Det manglar ein del merking - anbefalar å bruke Udisc-appen for å finne fram no i starten. Mellombelse utkast-skilt kjem, saman med stimerking mellom korgene. Utkasta på blå har ikkje fått dekke og kan vere glatte, og dei andre utkasta er ikkje merka skikkeleg enno. Det kjem! Bruk og gode sko - det er blautt enkelte stader.‼
Vipps gjerne nokre kroner til drift av bana, hald orden i naturen og tusen takk til sponsorar for svært verdifulle bidrag. Offisiell opning kjem, men no er det spelbart!
https://udisc.com/courses/seimsasen-frisbee-TUas