21/08/2026
Tørrskodd kryssing av Trodalen
Medan sommar og VM-feber har herja kongeriket, har også andre med gravemaskin stått på i sommar. Til lokalt VM-gull !
Tusen takk til grunneigar for positivt samarbeid om betre tursti kombinert med redusert risiko for konflikt og uhell i møte med storfe på beite.
Takk til Eirik P. Håland for stadig nye gravemaskinkunstar under laging av ny steinbru, eller klopp, over Kvernhusbe**en langt der vest i Trodalen, i grenseland mot Riset.
Tusen takk også til Årstein Lima i Gjesdal Bygdeservice for rundt 120 meter med stibygging, inkludert tre grøftekryssingar. Stein for stein. Dette vart flott!
Tusen takk også til Sparebankstiftelsen SR-Bank for økonomisk støtte til dette prosjektet. Gleda og nytteverdi for folk og fe er stor!
Frå området med ny natursteinsti går det no raudmerka heilårs turstiar i fleire retningar: Nordvestover rundt Høga Håland til Hålandsskogen, sørvestover til Riset og Eikeland skule, der det er god parkeringsplass, sørover retning Gunnhildtjørna, Heiå, Bukkatonå og Bursfjellet, og austover opp mot Litle Bursfjellet og vidare til Bursfjellet.
Ålgård turstilag - lett på tur