26/08/2026
⚽️ Sesongstarten er i gang – og for ein start! ❤️
J15 har fått ein fantastisk start på sesongen! På berre éi veke står vi med 3 av 3 sigrar – og som prikken over i-en har vi slått Hødd både i 1. og 2. divisjon. Det har aldri skjedd før, så her bryt vi barrierar! 🔥💪
Det som imponerer aller mest, er måten jentene gjer dette på. Dei gir jernet, står saman og spelar som eitt lag. Det er skikkeleg gøy å sjå utviklinga, framgangen og dei store stega som blir tatt – både individuelt og som lag. ❤️
Vi er stolte av kvar og éi av desse superjentene, og vi gler oss skikkeleg til fortsettinga av sesongen saman! ⚽️❤️
Og ikkje minst – veldig gøy å få med hospitantar! 🫶🏼⚽️ Det ser ut som dei både trivst, meistrar og finn sin plass saman med oss. Det er skikkeleg kjekt å sjå! ❤️
Og dagens kamp hadde visst alt – til og med roing blant publikum! 😂🚣♀️
Gøy, gøy, gøy!
For ein gjeng, For ein start. For ei lagkjensle! ❤️⚽️