28/07/2026
Nokre ledige plassar til hausten!
Vi startar opp att i veka som begynner 17. august, og har nokre få ledige plassar for dei som vil danse K‑pop med oss denne sesongen.
Akkurat no er Yoko i Sør‑Korea på KDCC, der dei lærer masse nytt som dei tek med seg inn i undervisninga. Neste bolk blir full av ny energi, inspirasjon og utvikling!
For å få informasjon først, kan du fylle ut vårt interesseskjema.
Det er ikkje bindande, men gjer at du får tilbod om plass før vi opnar for nye deltakarar.
👉 Interesseskjema (Google Form):
https://forms.gle/wXxZUy8YQKVR1uHZ6
Kven kan delta?
Alle fødd i 2019 eller tidlegare – barn, ungdom og vaksne.
Både nybyrjarar og dei som har dansa før er velkomne.
Vi gler oss til ein ny sesong med dans, fellesskap og masse ny inspirasjon frå Korea!
YokoMotion – Interesseskjema for neste sesong 💜 Så kjekt at du vil vise interesse for K‑pop danseklassane våre! Dette skjemaet er ikkje bindande, men hjelper oss med å planleggje grupper, tidspunkt og kapasitet for neste sesong. Kven kan delta? Alle som er fødd i 2019 eller tidlegare – ...