13/08/2026
PRESSEMELDING FRÅ STYRET I KFUM VOLDA VOLLEYBALL
KFUM Volda Volleyball trekkjer damelaget frå Mizuno-ligaen
Styret i KFUM Volda Volleyball har i styremøte 11. august gjort det tunge vedtaket om å trekkje damelaget (D1) frå Mizuno-ligaen for den komande sesongen 2026/27.
Ei krevjande, men nødvendig avgjerd
Bakgrunnen for vedtaket er at ein etter en grundig kartleggingsprosess må konstatere at det er for få spelarar i troppen. Samstundes har hovudtrenaren valt å gå vidare til nye utfordringar. Med dette utgangspunktet er det diverre ikkje sportsleg forsvarleg eller praktisk mogleg å
gjennomføre ein heil sesong på øvste nivå i Noreg. Det er ein svært uheldig situasjon, og styret seier seg lei for konsekvensane dette fører med seg for Norges Volleyballforbund (NVBF), Norsk Toppvolleyball (NTV), våre sponsorar, supporterar og ikkje minst spelarane sjølve.
Vedtaket medfører at laget vert plassert i lågare divisjon og har ikkje høve til å rykke opp til Mizuno-ligaen igjen før om minimum to sesongar. Styret vil presisere at KFUM Volda framleis vil ha eit damelag i 2.divisjon. Gjenverande spelarar vil få tilbod på dette nivået.
Tar vare på spelarane og rettar blikket framover
Sjølv om dette er ein trist dag for elitesatsinga på damesida, er styret opptekne av at KFUM Volda Volleyball skal halde fram med å vere ein trygg, aktiv og samlande klubb. Vår hovudprioritet no er å ta godt vare på dei spelarane som er i klubben, og sikre at alle får eit godt og tilpassa treningstilbod.
Høg aktivitet og solid fundament i klubben
KFUM Volda Volleyball er ein god og sunn klubb med stor aktivitet på alle nivå:
• Breidde og rekruttering: Klubben har lag i nesten alle aldersklassar – frå Mini1/2, Diamantvolleyball og aldersbestemte lag, til divisjonsspeling for damer og herrer. Herrelaget H1 held fram i 1. divisjon og 2.divisjon.
• Sterke resultat i aldersbestemte lag: I 2026 har klubben markert seg sterkt ved å ta NM-gull for JU19, NM-Sølv JU17, NM-Bronse GU17 i tillegg til fleire medaljar i
junior-NM i sandvolleyball.
• Landslagsspelarar: Klubben har hatt heile 9 spelarar representert på ulike landslag og landslagssamlingar.
• Anleggslyft på Årneset: Med støtte frå Volda kommune og Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har vi gjennomført eit anleggslyft på Årneset. Anlegget har blitt utvida 4
baner med ny sand, noko som har gitt eit fantastisk anlegg for heile lokalsamfunnet.
• Fleire nasjonale og internasjonale arrangement: KFUM Volda har i sesongen 25/26 gjennomført fleire store arrangement som til dømes nasjonal diamantturnering, NMU19 og CEV European League.
Styret vil retta ein stor takk til alle frivillige, trenarar, foreldre og sponsorar som kvar dag står på for klubben. Vi skal bygge vidare på den fantastiske breidda og det gode miljøet vi har, slik
at KFUM Volda Volleyball kjem sterkt og godt ut av denne krevjande situasjonen.
Kontaktperson for media:
Matz Kroken Åsebø
Leiar, KFUM Volda Volleyball