Ulvik Karateklubb

Ulvik Karateklubb Ulvik karateklubb har treningar for born 7-12 år og frå 13 år oppover. Me trenar i Fleirbrukshallen i Ulvik, ved skulen. Opptak av nybyrjarar heile året!

Oppstart tysdag 25. august!!Velkomen til nye og eksisterande medlemmar dette semesteret!Vi startar med juniortrening kl ...
22/08/2026

Oppstart tysdag 25. august!!

Velkomen til nye og eksisterande medlemmar dette semesteret!

Vi startar med juniortrening kl 17:30-18:15 og senior kl 18:30-19:30. Det kan bli endring når vi får nye tider seinare i haust.

Ulvik Karateklubb skal vere ein god, trygg, utfordrande og lærerik plass å vere. Vi respekterer reglane og kvarandre, men har også rom for moro, latter og glede.

Vi ønskjer både unge (frå 2. klasse) og «modne» velkomen til klubben 🥋

Vel møtt!

16/06/2026

I dag (tysdag 16. juni) er det gradering i Ulvik Karateklubb! All vanleg trening går derfor ut.

Vi startar kl 17:30 og gjennomfører fortløpande.

Vel møtt!

Tusen takk for flotte blomebukettar i høve 10-årsjubileumet vårt, JKA Norway og «moderklubb» Bjørgvin Karateklubb! 🎉🥳🥋💐
26/05/2026

Tusen takk for flotte blomebukettar i høve 10-årsjubileumet vårt, JKA Norway og «moderklubb» Bjørgvin Karateklubb! 🎉🥳🥋💐

🥳🎉🥳🎉🥳🎉🥳 Ulvik Karateklubb rundar av 10-årsjubileet med besøk av Kjetil Skippervik Eidsnes sensei, 5. dan JKA! Eidsnes se...
25/05/2026

🥳🎉🥳🎉🥳🎉🥳 Ulvik Karateklubb rundar av 10-årsjubileet med besøk av Kjetil Skippervik Eidsnes sensei, 5. dan JKA!

Eidsnes sensei har instruert i klubben vår fleire gongar tidlegare og vi ser fram til å nyte godt av nok ei framifrå trening.

Utover å vere ein meget erfaren instruktør i Bjørgvin Karateklubb (og rettleia Signe mot shodan i si tid), er Eidnes sensei medlem i Teknisk Komité i JKA Norway og leiar av Dommarutvalet. Han er også Sjur sin sparringpartner mot deira eigne graderingar. Eidsnes sensei likar å ha full kontroll, men kjem alltid med eit glimt i auget!

Møt opp til vanleg tid og bli med på finaledagen for feiring av oss sjølve!

🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳

🥳🥋🥳 Ulvik Karateklubb kan ikkje feire 10 år utan å invitere Ulvik-instruktørane sin eigen sensei frå Bjørgvin Karateklub...
16/05/2026

🥳🥋🥳 Ulvik Karateklubb kan ikkje feire 10 år utan å invitere Ulvik-instruktørane sin eigen sensei frå Bjørgvin Karateklubb, Fredrik Pettersen sensei, 6. dan JKA!

Vi gler oss til eit spanande besøk av landslagssjefen, og i tillegg har Pettersen sensei mykje av æra for at vi kunne starte klubb i Indre Hardanger 🥋

Samarbeidet mellom «moderklubb» og avleggar er godt, og det er kort veg og velvillig hjelp å få når vi har spørsmål eller treng råd. Pettersen sensei har ein formidabel arbeidskapasitet og kompetanse få andre kan matche.

Møt opp på jubileumstrening tysdag 19. mai til vanleg tid, og opplev den instruksjonen Signe og Sjur fekk i Bjørgvin!

🥳Ulvik Karateklubb held fram med å markere 10 års eksistens🥳Tysdag 12. mai kjem Marte Skodvin Mjåtvedt, 3. dan JKA på be...
11/05/2026

🥳Ulvik Karateklubb held fram med å markere 10 års eksistens🥳

Tysdag 12. mai kjem Marte Skodvin Mjåtvedt, 3. dan JKA på besøk til oss! Vi er utruleg stolte av at Marte sensei tek turen, for i helga kjempa ho seg til 2 gullmedaljar og 1 sølv i JKA Europamesterskapet. I tillegg vart ho Grand Champion (beste utøvar)!

Vi gler oss alle til å nyte godt av landslagsutøvar Marte sensei sine instruksjonar 🥋🥋🥋

🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳Ulvik Karateklubb feirar 10-årsjubileum i år! Det hadde vi ikkje klart utan alle dei flotte utøvarane...
12/04/2026

🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳

Ulvik Karateklubb feirar 10-årsjubileum i år! Det hadde vi ikkje klart utan alle dei flotte utøvarane våre ❤️ Difor vil vi gjerne gi alle saman ekstra gode opplevingar og vi har vore så heldige at fleire særs dyktige instruktørar besøker oss i vår!

Vi sparkar igong showet 14. april (pun intended) med sjefsinstruktøren for JKA Norway - Emil Clementsen sensei, 6. dan JKA!

Dette er skikkeleg stas for klubben, og vi oppmodar alle til å stille på trening (vanleg tid).

🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳🥋🥳

Dokument til årsmøtet onsdag 25.03 finn du her:
17/03/2026

Dokument til årsmøtet onsdag 25.03 finn du her:

Shared with Dropbox

Kjekt å kunne kome heim til Ulvik som dobbelt Norgesmeister (Shobu Ippon NM) i klasse «modnaste damer» og med sølv i kum...
14/03/2026

Kjekt å kunne kome heim til Ulvik som dobbelt Norgesmeister (Shobu Ippon NM) i klasse «modnaste damer» og med sølv i kumite i «litt modne» damer 🥇🥇🥈

Bli med på Sommargasshuku i Bærum! Ulvik Karateklubb dekker treningsavgift for dei som ønsker å delta. Ta kontakt med in...
11/03/2026

Bli med på Sommargasshuku i Bærum! Ulvik Karateklubb dekker treningsavgift for dei som ønsker å delta. Ta kontakt med instruktørane :)

JOINT TRAINING CAMP!

JKA Norway inviterer alle utøvere som trener Shotokan karate til Sommergasshuku i vakre Bærum!

Tid: 4. -7. juni 2026

Påmeldingsfrist 15. mai 2026.

Følg link for utfyllende informasjon, inkludert hotellbestilling!

jkanorway.no/sommergasshuku-2026-i-baerum/

Adresse

-
Ulvik I Hardanger
5730

Åpningstider

18:00 - 20:00

Telefon

+4797981678

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ulvik Karateklubb legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Ulvik Karateklubb:

Snarveier

Del