Uggdal Idrettslag

Uggdal Idrettslag Me i Uggdal idrettslag ynskjer med denne sida å vise kva me held på med og har av tilbod! Me er også ansvarlig for sandvolleyball banen og løpebanen på Reiso!

Me er ein liten gjeng som spelar Volleyball i Tysneshallen om torsdagen kl 20:30, der det er opent for alle å bli med! Me går også med ein draum og fresbeegolf bane på Tysnes, som me jobbar med å få realisert.

11/08/2026

Hei!

Då startar me opp igjen med volleyballtreningar i Tysneshallen fredagar kl 19:00-21:00. Alle som ønskar å delta er hjartleg velkomne! 🥳

Det er ikkje krav om medlemsskap, men om du allikevel ynskjer å støtta oss så vert me veldig glade for det 😁

Det blir sendt ut invitasjonar til treningar på appen spond. For å bli med her, følg invitasjonslenka: https://spond.com/invite/DDDRN

Alder frå 10 klasse og opp til kva som helst😁

Me sjåast der!

Hei! Då har me gleden av å kunna tilby ei nyslodda løpebane på Reiso!😁 Bana er vorte jamn, mjuk og god, og kantane er «f...
02/05/2026

Hei! Då har me gleden av å kunna tilby ei nyslodda løpebane på Reiso!😁 Bana er vorte jamn, mjuk og god, og kantane er «friska» opp att! Det har vore jamn og god aktivitet på bana, og det håpar me vil fortsetja. 🏃‍♀️🏃‍➡️
Minnar på at bana er tilgjengeleg for absolutt alle som ynskjer å bruka den, me er glade for all aktivitet!
Hjarteleg takk til Tysnes kommune for lån av slodd, dykk er gode!🥳
Ha ei vidare god helg alle saman!

Minnar om årsmøte, Torsdag 12.mars kl.18:00 i Grendatun!
05/02/2026

Minnar om årsmøte, Torsdag 12.mars kl.18:00 i Grendatun!

19/12/2025

Då har me hatt siste volleyballtrening før alle kan ta ei velfortjent julefeiring🥳
Tusen takk til alle som har deltatt på treningar i år!
Og ein spesiellt stor takk til Adrian Høviskeland som har tatt initiativ til å starta opp treningar, stilt opp og laga til alle treningane som me har hatt. Me er heldige som har deg og alle dei andre dyktige ungdommane som stillar på treningane, dåke er gode! 😁

Om nokon ynskjer å melda seg på treningar framover så kan dei lasta ner appen Spond, og bruka invitasjonskode DDDRN. Då vil dei få oppdatert når det er treningar og mulighet til å melde seg på der. Me køyrer treningane på nyåret frå klokka 19:00-21:00 på fredagar og alle kan delta. Me stiller ikkje krav til medlemskap eller noko anna enn at man er i frå alder 10.klassetrinn og opp til kva som helst!

Når det er sagt så set me stoooor pris på om nokon allikavel har lyst til å støtta oss med eit medlemsskap, det vil bety mykje for oss som lag, og kostar berre 50 kr for barn og 100 kroner for vaksne per år. Du kan enkelt melda deg inn på nett ved å følga linken: medlemskap.nif.no/Start/Index/25250

Vel blåst, og god jul til alle!

For ein fantastisk dag!🥳 I dag kom det telefon i fra Stine i banken om at me har fått tildelt 10 000 kr i gave frå Hauge...
16/12/2025

For ein fantastisk dag!🥳 I dag kom det telefon i fra Stine i banken om at me har fått tildelt 10 000 kr i gave frå Haugesund Sparebank! Det er så utrulig viktig for oss små idrettslag å ha lokale aktørar som kjenner oss, veit kva me holder på med, og støttar oss. Det gjer at me kan bruke endo meir tid på det me er gode på; skapa aktivitet, laga opne tilbod til innbyggjarane i kommunen og gjere trening tilgjengeleg for alle. Igjen Haugesund Sparebank, tusen takk! Dykk er gull verdt🥳🥳

06/11/2025

OBS! Det er ikkje lagt opp til trening i morgon, så neste trening vert fredag den 14 november kl 19:30-21:00 😁

14/10/2025

Obs! Det er ikkje planlagt trening denne fredagen (17.10.2025). Neste trening er fredag 24.10.2025. Treningstider kan også finnast på appen Spond ved å følge lenkja https://spond.com/invite/DDDRN

Vel møtt den 24! 🥳

03/10/2025

Dykk er gode! Ny rekord på trening i dag🥳18 stk, god stemning og bra spel. Heilt Fantastisk!

Neste trening blir Fredag 10.10.2025 kl 19:30-21:00

Minnar om at me har tatt i bruk appen Spond. Har du lyst å hiva deg med på trening? Eller lurar berre på når treningane er, slik at du kan bli med ein gong det passar for deg? Last ner appen og følg instruksjonane på https://spond.com/invite/DDDRN så får du oversikt og kan kvittera på når du blir med.

Spond is the best service for organizing sports teams, school bands and other groups. We send out millions of invitations each month on behalf of our users.

26/09/2025

Takk til alle for eit fantastisk oppmøte på treningar. Heile 14 stk i dag🥳 Dette gjer oss eit godt grunnlag for å fortsetje tilbodet med treningar, og me utvidar tilbodet fram til og med Mai 2026! Neste trening blir allerede fredag 3 oktober kl 19:30. Det nye framover er at me vil prøva appen Spond for å legge ut treningar for påmelding. Lenkje for å melde seg på er: https://spond.com/invite/DDDRN

Har du ikkje vore på ei einaste trening, men har lyst til å bli med? Ingen problem! Treningane er framleis opne for alle frå 10 klassetrinn og opp, og kostar ingenting. Medlemsskap er heller ikkje påkrevd. Berre last ned appen Spond og følg instruksjonane i lenkja!

Med ønske om eit volleballrikt år vidare!

Uggdal Idrettslag

Spond is the best service for organizing sports teams, school bands and other groups. We send out millions of invitations each month on behalf of our users.

Adresse

Tysnes
5685

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Uggdal Idrettslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Uggdal Idrettslag:

Snarveier

Del