07/06/2026
Denne helga har Norges Volleyballforbund arrangert Forbundstinget 2026, det er vårt høgaste organ og arrangeres annakvart år. For å kunne være med å påvirke korleis idretten vår skal drivast og korleis fremtida skal sjå ut, er det viktig at ein er tilstades når avgjersler skal tas. Difor valgte volleyballgruppa å sende leiar Marthe Olesdatter Sveen til årets Ting.
«Det har vore kjekt å være på Forbundstinget saman med så monge menneske som alle har hjarte i volleyballen. Her var det monge gode diskusjonar, sterke meiningar og nyttige tilbakemeldingar.
Søndagen var satt av til organisasjonens dag kor me i grupper utveksla erfaringar med klubber frå bygd til by. Her fekk eg mykje inspirasjon til vidare arbeid i Sveio IL, og eg fekk framsnakka det gode arbeidet me gjer. Torsdagskveldsen fekk applaus og fleire klubbar tok kontakt og ville prøve liknande prosjekt.
Det var utruleg kjekt at fleire av delegatane kjende til Sveio og snakka positivt om oss, våre elitespelarar som er ute i andre klubbar er òg veldig gode ambassadørar.
Eg kjem heim med monge inntrykk og nye volleyballvenner. Det kom inspirasjon til nye prosjekt, kva me kan gjer annleis og ikkje minst med bekreftelse på at me gjer veldig mykje rett allereie!
Eg er takknemlig for at volleyballstyret gav meg tillit og lot meg reise, her bør me være engasjert kvar gong.»