07/08/2022
Premietrekning! 🥇
Då er Nutfant på eit døgn vel i mål, og me kan sjå tilbake på eit strevsamt men kjekt døgn i Suldalsheia.
Løpet vart spesielt krevjande dette året grunna ein del regn i forkant samt under sjølve løpet. Men sjølv om veret var noko blaut og det skulle arbeidast fleire timar i søkkvåte fjellsko, så sette ikkje det ein stoppar for alle dei spreke deltakarane som hadde tatt turen til fjells dette døgnet.
Som arrangør er me mektig imponerte over den RÅE innsatsen de alle saman viste, både fysisk og mentalt. Utruleg kjekt å følgja kvar enkelt, og heile døgnet vart me møtt av blide ansikter som gav ein god positiv stemning.
Me vil GRATULERA dåkke alle både heile og halve Nutfantar i 2022 - de har virkeleg gjort ein stor innsats denne helga
Sidan det ikkje vart Afterparty i år og den offisielle premietrekninga vart avlyst, så har me i dag trekt dei heldige vinnarane
7 premiar for 7 toppar 🤩⛰
1. Fonnafly, helikoptertur verdi 15.000 kr - Bjørn Inge Roaldstad
2. Nutfant, Gåvekort til kjøp av fjellsko verdi 3.000 kr - Anja Gangenes
3. Statkraft, premie på 2500 kr - Håkon Hauge Johnsen
4. Statkraft, premie på 1500 kr - Emma Myklebust
5. Statkraft, premie på 1000 kr - Eirik Tveit
6. Ryfylke Fjordhotel, overnatting for 2 pers. - Siv Veronica Fjelland
7. Stranddalen turisthytte, lunsj for 2 pers. - Hilde Bergjord