Hafslo IL - hoppgruppa

Hafslo IL - hoppgruppa Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Hafslo IL - hoppgruppa, Idrettslag, Solvorn.

Storsamling 2026 -  MidtstuliaDen årlege storsamlinga for hopp vert i år onsdag 24. juni til søndag 28. juni 2026. Sjå l...
11/04/2026

Storsamling 2026 - Midtstulia
Den årlege storsamlinga for hopp vert i år onsdag 24. juni til søndag 28. juni 2026. Sjå lenke for info og påmelding. Meir info av Jon Ove og familien Eliassen som har vore med på dette tidlegare i fleire år.

https://www.skiforbundet.no/hopp/nyhetsarkiv/2026/2/storsamling-midtstulia/

Medlemar av Hafslo idrettslag får dekka deltakaravgifta. Om nokon av våre hopparar vil delta blir Jon Ove med i støtteapparatet og hoppar sjølv.

Meld frå til Jon Ove (telefon 917 21 076) om deltaking og påmelding.

Storsamling 2026 til Midtstulia Det vil bli aktivitet fra morgen til kveld med mye hopping, barmarkstrening og trening i hall. Påmelding åpnet. Hopping i alle bakker K10/K20/K40/K60/K95.Når? Midtstulia onsdag 24. juni til søndag 28. juni 2026.   Kollenhopp er en rutinert arrangør, og planlegg...

Avslutning langrenn og hoppLangrenn og hopp hadde felles sosial avslutning 26. mars for vinteren 2026 med pizza og fleir...
08/04/2026

Avslutning langrenn og hopp

Langrenn og hopp hadde felles sosial avslutning 26. mars for vinteren 2026 med pizza og fleire overraskingar.

Det var utdeling av KM-medaljar til årets vinnarar Ellisiv Olsen Sjøthun (for hopp og kombinert) og Jens Engesæter Eliassen (hopp).
Nye hopparar får startnummer frå HOPPLANDSLAGET når dei deltek på hoppleik og hoppcup med hopputstyr (sko, ski, dress) utlånt av idrettslaget. Tord og Jaran Kalland var på samlinga og fekk utdelt sitt eige startnummer.

Hoppanlegget skal i løpet av sommaren bli komplett med skitrekk for sommarbruk. Alle kan glede seg for oppstart skihopping i bakkane i løpet av hausten.

12/03/2026

hei alle!

Hopp- og langrennsgruppa inviterer alle deltakarane og foresatte på våre skiaktivitetar til felles sosial avslutning av skisesongen

Tidspunkt: Torsdag 26. mars kl 18.00
Stad: Kafeen på skisenteret

Her vert det servering og nokre overraskingar for dei som møter.

Påmelding for hoppgruppa på Spond :-) https://spond.com/invite/RUBVI

No har me fått på godt med snø i hoppanlegget.Årets første hoppleik i hoppanlegget blir søndag 1. feb kl 13.00 Det blir ...
31/01/2026

No har me fått på godt med snø i hoppanlegget.

Årets første hoppleik i hoppanlegget blir søndag 1. feb kl 13.00

Det blir hopping i bakkestorleikar 2, 4, 6, 10 og 22 meter. Me har hoppski med NN-binding, og elles fleire hoppski, hoppsko og hoppdressar til gratis utlån.

Meir informasjon får du i hoppanlegget eller ringa 917 21 076 (Jon Ove).

Velkomen alle saman!

29/01/2026

Endeleg! Hoppbakkane opnast søndag 1. februar. 😀
Meir info kjem.

Info også på Spond-gruppa vår:

Spond is the best service for organizing sports teams, school bands and other groups. We send out millions of invitations each month on behalf of our users.

Hei alle! Hoppgruppa har håp om oppstart hoppleik søndag 25. januar kl 13 (etter barneidrettsgruppa sin skikarusell). Pl...
21/01/2026

Hei alle! Hoppgruppa har håp om oppstart hoppleik søndag 25. januar kl 13 (etter barneidrettsgruppa sin skikarusell).

Plastbakkane har vore klar ei veke for hopping, men må ha meir snø utanfor plastarealet. Me starter hopping så snart det er produsert (og planert) «kunstsnø» til å ta barnetrekket til topps og planert nok snø på sletta + mellom plastbakke og skitrekka.

Kjem oppdatering her og på Spond ved ny info.

PS: veit du om andre interesserte? tips dei gjerne om Spond-gruppa vår og få informasjon også der: https://spond.com/invite/RUBVI

(bildet er frå torsdag 15. jan)

Her finn du informasjon om aktivitetar i vinter i idrettslaget - og aktivitetar i hoppgruppa
04/01/2026

Her finn du informasjon om aktivitetar i vinter i idrettslaget - og aktivitetar i hoppgruppa

OPPSTART AV AKTIVITETAR I HAFSLO IL FRÅ OG MED VEKE 2 - 2026 🙂

Godt nyttår, og vi håpar alle har hatt ein flott juleferie. Vi er i gong med eit nytt år, og Hafslo IL ser fram til nok eit aktivt og flott år med stor aktivitet i regi av dei ulike særgruppene våre👍

Idrettslaget har eit breitt og variert aktivitetstilbod gjennom heile året, og på heimesida vår finn de ei samla oversikt over aktivitetane som startar opp frå og med neste veke (veke 2) og framover:

https://hafslo-il.no/2026/01/oppstart-aktivitetar-i-hafslo-il-fra-og-med-veke-2-2026/

Hafslo IL håpar mange ønskjer å delta på aktivitetane våre også i 2026. Så vil vi prøve å oppdatere så godt vi kan via FB-sida vår framover om eventuelle endringar undervegs.

Hafslo IL vil takke alle trenarar, lagleiarar og tillitsvalde i dei ulike gruppene som står på og legg til rette for eit variert aktivitetstilbod i regi idrettslaget vårt. Takk også til alle dykk som deltek på aktivitetane våre👏

Vi ønskjer alle eit aktivt og flott idrettsår i 2026🌞

Hoppgruppa er klar for ny hoppsesong vinteren 2026 med masse utstyr til gratis utlån. Har nokon utstyr som er for smått,...
21/12/2025

Hoppgruppa er klar for ny hoppsesong vinteren 2026 med masse utstyr til gratis utlån. Har nokon utstyr som er for smått, så kom å bytt til større. Eg garanterer hopputstyr (ski, sko, dress) som passar for alle!

Det står igjen arbeid med transportrenne i banktrekk-traseen til bruk av skitrekket sommarstid og kalkulerer oppstart sommarhopping i alle tre bakkane til «sommaren ein gong».


På grunn av friski onsdagar, så held vi på torsdagar frå kl 18. Fram til vinterferien så vert det laurdag eller søndag i etterkant av aktiviteten til barneidrett: Etter vinterferien står vi truleg friare om barneidrett på kveld slik dei har gjort fleire år: Her venter eg på avklaring med barneidrettsaktiviteten og meir info vil koma på Spond når vi har nytt å fortelja.

Elles så samarbeider hopp og langrenn for at fleire blir med på våre aktivetar, mellom anna renn med skikross, langrenn og kombinert (hopp og skikross same dag).

Interesserte melder seg på aktivitetar på Hafslo idrettslag sine nettsider og registrer seg i tillegg på vår Spondgruppe: https://group.spond.com/RUBVI (om du ikkje har registrert deg eller dine ungar tidlegare)

Ber om innspel eller kommentar til vår hoppleikaktivitetar kommande vinter :-)

Som me ser på bildet er hoppanlegget er klart for vinteren. I ettertid er snønett også lagt i K22-bakken. Snønettet skal bort til våren for sommarhopping på plasten.

Elles blir det som tidlegare hopp ved sida for hopplengde 1 til 4 meter.

Jon Ove

Tlf 91721076

Hopping på snø nærmar seg😀 Me starta arbeidet med forankring av wire for montering snønett i går. Og i dag blei me ferdi...
29/11/2025

Hopping på snø nærmar seg😀

Me starta arbeidet med forankring av wire for montering snønett i går. Og i dag blei me ferdig med utlegging (montering) av snønett i minste bakken (K7 + K12). Me håpar på ferdig utlegging i K22-bakken i løpet av neste veke.😀

No er vi snart ferdig med å legge plastmatter i hoppanlegget 😀👍
12/09/2025

No er vi snart ferdig med å legge plastmatter i hoppanlegget 😀👍

Adresse

Solvorn
6869

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hafslo IL - hoppgruppa legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del