27/11/2025
Denne veka har vi arrangert første runde i Nasjonal 15m Jaktfeltcup på innandørsbana vår i Ørskoghallen. Kjempestemning og mykje god skyting av både eigne og tilreisande skyttarar. Totalt hadde vi 23 deltakarar i alderen 8 til 66 år, og beste skyttar denne runden vart Isak på 10år.
Blant deltakarane hadde vi også ein skyttar som prøvde skyting for første gong denne veka, og ein skyttar som ikkje har skutt på over 40 år. I tillegg til både erfarne jegarar, rutinerte DFS-skyttarar og ivrige ungdommar. Og det kjekkaste? Alle deltek på lik linje og skyt side om side!
Neste runde i Ørskog blir 8. og 10. Desember. Og da håpar vi at enda fleire jegarar tek turen også!
All info om neste runde finn du på facebookarrangementet våra: Nasjonal 15m jaktfeltcup - Ørskog