08/08/2026
Lyst til å spare tid på trening utan at det går utover resultata? ⏱️👇
Supersett er eit supert verktøy når du har knapt med tid, men vil få gjennomført ei økt med god kvalitet!
Kva er eigentleg supersett?
Kort fortalt betyr det at du køyrer to øvingar rett etter kvarandre, utan pause mellom.
💡 3 kjappe tips for eit godt supersett:
1️⃣ Kombiner ulike muskelgrupper: Vel øvingar som ikkje «krasjar» med kvarandre (t.d. overarm og lår, eller bicepcurl og tåhev). Slik held du kvaliteten oppe i begge øvingane!
2️⃣ Unngå tunge baseøvingar: Dropp supersett på øvingar som knebøy, markløft og tunge roøvingar. Dei krev for mykje pust og restitusjon.
3️⃣ Bruk det som eit tidssparande verktøy: Supersett gjer deg ikkje sterkare enn vanlege sett, men det gjer at du blir ferdig på mykje kortare tid.
Køyrer du supersett i din treningskvardag?