28/07/2026
Greit å huske på! Salg av «svart fisk» gjør det vanskelig å følge med på fiskebestandene i fjorden vår og enda vanskeligere å forvalte disse riktig…
🔴 Ulovleg sal av fisk på Facebook – det kan koste deg dyrt
Kjøper du fisk og skaldyr frå privatpersonar? Det kan vere ulovleg.
Vi ser fleire som prøver å selje fisk i kjøp-og-sal-grupper på Facebook. Dersom du ikkje har løyve er ikkje dette lovleg.
👉 Utan løyve kan du ikkje selje fisk som du har fiska som privatperson eller fritidsfiskar. Det gjeld uansett om det er torsk, sei, krabbe eller anna sjømat – og uansett pris.
Ulovleg sal kan føre til inndraging av utstyr og bøter/straff.
📌 Hugs:
• Å selje fisk utan løyve er alvorleg, sjølv om det skjer i ei Facebook-gruppe.
• Du som kjøper kan òg bli halden ansvarleg.
💡 Kjøp fisken din frå lovlege utsal. Då er du trygg på at alt går rett føre seg – og at vi tek vare på fiskeressursane våre på ein god måte.
🔗 Lurer du på regelverket? Du finn den her:
https://www.fiskeridir.no/Fritidsfiske/Sal-og-utfoersel
📷: © Fiskeridirektoratet