Gloppen Motorklubb

Gloppen Motorklubb Vi forsøker å starte opp att Gloppen Motorklubb - med base i Eidsmona på crossbana.

Om du har interesse for motocross, er du absolutt velkommen til å bli med og bidra for å få bana og området klart for fartsfylt action i trygge rammer!

No er det komen i gang litt aktivitet i området vårt, og ein dugnadsgjeng har lagt ned skogen rundt barnebana. Gravemask...
27/09/2025

No er det komen i gang litt aktivitet i området vårt, og ein dugnadsgjeng har lagt ned skogen rundt barnebana. Gravemaskin med klype har fått tatt ned trea som står der, og det blir etter kvart store haugar med tre og røter. Leiaren er i kontakt med aktørar som driv med beitepussing, for å sjekke ut om det lar seg gjere å bruke krattknusar på heile området, noko vi kjem attende til i løpet av kort tid.

Men brakkene våre treng litt TLC - så om det fins nokon som vil ta med seg gardintrapp, vernerbiller og hanskar, så ligg det to skraper m.m der nede. Vi har planar om å skifte kledning på veggen mot vest, medan dei andre veggane skal skrapast - og så skal heile bygget målast.

Vi treng også nokon med motorsag og kurs, til å ta ned skogen rundt sjølve brakkene.

Her er det berre å finne fram musikk og motivasjon, så er jobben fort unnagjort!

Ta kontakt med oss her om du har anledning til å bli med!

Referat styremøte Gloppen Motorklubb 270825
28/08/2025

Referat styremøte Gloppen Motorklubb 270825

Shared with Dropbox

27/08/2025

Styremøte i Gloppen Motorklubb i kveld. Møtereferat blir lagt ut på FB etter møtet.

11/04/2025

Førstkomande måndag kl. 13 kjem Firda Tidend opp i Eidsmona for å lage sak om forsøket på å få motorsportklubben opp og gå, og alle som har tid og anledning kan gjerne møte opp ved crossbana slik at vi får laga ei god sak om dette.

Alle er velkomne!

08/04/2025

Sett av 24.april, for då blir det skipingsmøte i Gloppen Motorsportklubb!

Vi brukar kantina på uteseksjonen til Gloppen kommune i Eidsmona, og møtet startar kl. 20.00

Alle er velkomne!

Adresse

Eidsmona
Sandane
6823

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gloppen Motorklubb legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del