Tambarskjelvar IL - Friidrett

Tambarskjelvar IL - Friidrett Ei side som skal framme Tambarskjelvar IL Friidrett og informere om trening, arrangement og ymse

I helga har det vore kretssamling på Byrkjelo før regionmeisterskap om to veker. Tambarskjelvar var godt representert me...
23/08/2026

I helga har det vore kretssamling på Byrkjelo før regionmeisterskap om to veker. Tambarskjelvar var godt representert med fem utøvarar!

I dag var det KM og krinsleikar der Tambar stilte med sju utøvarar som henta med seg totalt 8 gull og 2 bronse frå KM, samt 3 deltakarmedaljer for ungar under 12år.

Ein strålande dag med fleire personlege rekordar som held nasjonalt toppnivå! Det er berre å glede seg til fortsetjinga, dette lover bra!!

23/08/2026

47.29 meter, kretsrekord for Sogn og Fjordane og 9. Plass i Norge gjennom alle tider i slegge (2kg) for Andrina Skagestad Kleppe i dagens kretsmesterskap på Byrkjelo. Gratulerer! 💪💪💪

Kommande laurdag er det høgdekonkurranse i Førde kl 16.00. Det er ikkje ofte det er høgdekonkurranse i nærområdet,  i Na...
04/06/2026

Kommande laurdag er det høgdekonkurranse i Førde kl 16.00.

Det er ikkje ofte det er høgdekonkurranse i nærområdet, i Naustdal har vi ikkje utstyr til å ha slikt utandørs.

Høgde er kjekt, så still på og test ut!

Påmelding via linken under.

iSonen gjør det enkelt å opprette, administrere og delta på idrettsarrangementer. Påmelding, betaling og resultatbehandling – alt på ett sted.

24/04/2026

I morgon laurdag 25.april kl 10 skal det vere dugnad tilknytt det nye lagerbygget på stadion. Er det nokon vaksne / ungdommar som kan bidra med litt arbeidskraft nokre timar? Dette er viktig for å få lagerbygget ferdig så vi kan ta det i bruk til det som skapar aktivitet.
For friidretten sin del blir det investert i nytt utstyr for betre trening utandørs på stadion, som igjen vil skape ny aktivitet i gruppa.

Håper dermed at så mange som mulig vil bidra litt på dugnaden i morgon kl 10.

UTETRENING ETTER PÅSKEFørste tirsdag etter påske (7. April) begynner vi med utetrening igjen! Vel møtt til løp, hopp og ...
05/04/2026

UTETRENING ETTER PÅSKE
Første tirsdag etter påske (7. April) begynner vi med utetrening igjen! Vel møtt til løp, hopp og kast ute på Naustdal Stadion 😊

24/01/2026

Det blir arrangert kretsdommarkurs i friidrett i Førde torsdag 5. og torsdag 26.februar frå kl 18. Kor mange klare Tambarskjelvar å stille med her?

Dette er viktig for å kunne vere med å arrangere stemner til sommaren også i Naustdal! I 2025 hadde vi tre utøvarar heilt i noregstoppen i sine aldersklassar, i tillegg til mange som deltok på lokale arrangement. Det gror blant dei som ønsker å konkurrere og prøve seg på nye arrenaer.

Håper mange melder seg på for å bidra til eit godt friidrettsmiljø i Naustdal.

Meir info og påmelding her

01/12/2025

Minner om at det er sireltrening i morgon kl 1800 rett etter friidretten som startar kl 17. Vel møtt til alle som ynskjer ei førebyggande trening av td rygg- og nakkesmerter.

04/11/2025

INNETRENING I HALLEN I DAG
I kveld (Tirsdag) frå 17-18 har vi sesongens første inneøkt. Vi tenker å teste litt stille lengde og kast og deretter trene litt andre ting (alltid løp, hopp og kast 😍). Etter økta er det basistrening med Eigil 💪

Adresse

Naustdal
Naustdal

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tambarskjelvar IL - Friidrett legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del