27/08/2026
Sterk Mamma startar opp att torsdag 3. september 💪
Ynskjer du å komme i gang med trening etter fødsel, men veit ikkje heilt kvar du skal starte? Då kan du bli med på Sterk Mamma!💪 Ein heilt eigen time tilpassa deg som er gravid eller nybakt mamma.
Me trenar kvar torsdag kl 11.00, til og med 17. desember, og etter timen er det høve til å kjøpe ein lett lunsj i kantina.
Luster Kommune er med og sponsar klyppekort (10 klypp), så det einaste du treng å gjere er å aktivere og betale for adgangskort (120 kr).
Send oss ein e-post på [email protected], eller kom forbi oss i resepsjonen - så hjelper me deg!😊