Audhild og Hennings reise

Audhild og Hennings reise Ein reiseblogg frå vår reise. Kvardagar i båten, opplevelser på tur, og refleksjoner rundt både det eine og andre. Me planlegg å vera på reise 1 år.

Me er eit par frå Lindås, litt nord for Bergen som har flytta inn i båten vår, ein Viknes 1030, frå 2009.

Det har vore stille frå oss denne veka. Me har hatt fri frå å vera turistar og å føre båten sikkert fram. Me har lagt i ...
03/09/2026

Det har vore stille frå oss denne veka. Me har hatt fri frå å vera turistar og å føre båten sikkert fram. Me har lagt i hamn i Hannover, og hatt nokre fredelege kvardagar.
I dag har me vore turistar i Hannover. Følgd den raude tråden gjennom byen. Kjekk måte å oppleva byen på. Slapp å lesa kart, kunne berre spasera der den raude streken tok oss. Og så lesa litt i ei lita bok etter kvart som det interresante dukka opp.
I morgon set me kursen mot Minden, men ser kor langt me kjem. Nokre bilete frå Hannover må til

30/08/2026

Gjennom Anderten sluse, like aust for Hannover

Dagens etappe går frå Fallersleben til Hannover. Mittellandkanal er noko meire trafikkert enn Elbe Seitenkanal. Til sama...
30/08/2026

Dagens etappe går frå Fallersleben til Hannover. Mittellandkanal er noko meire trafikkert enn Elbe Seitenkanal. Til samanlikning har me møtt fleire lekterar og lystbåtar hittil i dag, enn me gjorde heile dagen i går.
I skrivande stund trefte me noko som for auga såg ut som ein liten treklosse, men når den traff båten var det nok litt større ja. Det dunka godt når det traff propellen. Me fekk opp pulsen.🤪
Truleg ein trestokk som flaut vertikalt i vatnet. - Alt virkar som normalt, det har nok gått bra denne gongen. Me turar på.

Fredagskvelden vår i Yacht Club Fallersleben, var utanom det vanlege triveleg.  Hamna er ganske liten, men ligg lunt pla...
30/08/2026

Fredagskvelden vår i Yacht Club Fallersleben, var utanom det vanlege triveleg. Hamna er ganske liten, men ligg lunt plassert like ved kanalen. Me stikk baugen vår forsiktig inn den relativt smale inngangen frå kanalen. Me står på «lemmen» med god oversikt, og ser ein ledig plass, og glir sakte inn. Brått høyrer me nokon som ropar!
Og der i eine kortenden av hamna sit 8-10 personar som alle - alle vinkar oss bort til deira brygge og byr oss stor god plass mellom dei! Smilande, gjestfrie og hjelpsomme! Me er fortøyd på èin to tre! Etter ei lita stund byr dei på jordbær snaps! Dei snakkar kun tysk og bedyrar at engelsk kan dei ikkje😀. Uansett særs trivelege og i møtekommande!

Det er naudsynt for oss å handle «lebensmittel», og ein eldre kar byr seg omgåande til å køyre oss, når han forstår at me har tenkt å gå til butikken. Me takkar ja, det var trass i alt ca 3 km tur/retur. Dette gjer han gjerne for langvegsfarande i hamna si.

Etter kvart som kvelden går, vert det litt prat med fleire. Det viser seg at det å snakka engelsk er lettast når det ikkje er så mange som høyrer på.
Ein kar har reist mykje til Noreg for å fiske. Han drøymer om å sigle med eigen båt til Noreg - Lofoten -Island - Spitsbergen.
Hamneverten snakkar villig i veg om smått og stort, når eg betaler hamneavgift, og han veit ikkje kva godt han skal by oss.
Så er det dama som har vore i Noreg mange gonger (5) - elskar Bergen, var på Fløyen når dei store adventslysa vart tent, og har aldri hatt regn i Bergen. Til slutt, med tårer i augene, kondolerer ho oss i høve Kong Haralds bortgang. Ho har følgd med på sendingane i tysk TV heile dagen.
Litt seinare på kvelden høyrer me på Kong Håkon VIII sin tale.

29/08/2026

Slusing i Uelzen Sluse i Elbe Seitenkanal.

29/08/2026

Mens me ventar ved Uelzen sluse

28/08/2026

Hurtigtur gjennom Sharnebeck båtheis

Dagens etappe startar frå Lauenburg i nord og går sørover på Elbe - Seitenkanal. Kor langt me går er litt avhengig av ko...
28/08/2026

Dagens etappe startar frå Lauenburg i nord og går sørover på Elbe - Seitenkanal. Kor langt me går er litt avhengig av kor fort det går i den eine slusa me skal gjennom - om me får gå gjennom - om me kjem dit i rett tid osv. Det viktigaste er kor henne me finn ei hamn der me kan legge til. Alt dette skal stemme, så berre tida vil vise kor me hamnar i dag.

Lauenburg er ein liten sjarmerande og ganske pittoresk landsby, med ei triveleg lita hamn. Hamnesjefen, ei triveleg dame...
28/08/2026

Lauenburg er ein liten sjarmerande og ganske pittoresk landsby, med ei triveleg lita hamn. Hamnesjefen, ei triveleg dame frå Tyrkia kom i dag tidleg for å fylla diesel til oss. Praten gjekk lett og me fekk snart vita at ho hadde kjende som hadde reist med motorbåt frå Istanbul i Tyrkia, og heilt til Kristiansand før dei snudde. Ho viste oss bilete, og var tydeleg stolt over dette, og kven ville ikkje vore det? Til slutt fekk ho fortald om venninna si som reiste med at ho var politisk aktiv - mot Erdogan heime i Tyrkia - endå meire kry av det. Me betalte for diesel og kjøpte kakestykker med på vegen. Nokre bilete av Lauenberg frå sjøsida kjem her

Adresse

Grønfjellet 31
Lindås

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Audhild og Hennings reise legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del