Lærdal IL Fotball

Lærdal IL Fotball Lærdal IL Fotball er ei side som publiserer aktuelle saker frå all aktivitet i fotballklubben vår.

Sogndal g13 har i helgi vore på turnering med fleire gjestespelarar frå ulike klubbar i fylket. Frå Lærdal lånte dei med...
31/08/2026

Sogndal g13 har i helgi vore på turnering med fleire gjestespelarar frå ulike klubbar i fylket. Frå Lærdal lånte dei med seg heile fire karar: Henrik Bjørkum, Niklas Chmelar, Fredrik Østergren og David Olsen Tjønn. Dei har spelt kampar mot Lyn, Tromsø, Strømsgodset og Ålesund gjennom helgi.
Ei flott erfaring og gode referansar å ta med seg i den vidare utviklinga! Veldig kjekt at mange av våre spelarar blir lagt merke til.
Godt jobba!
📷Lånt frå Sogndal fotball utvikling

⚽️❤️Tusen takk til Sparebanken Norge! ❤️⚽️Lærdal Fotball vil rette ein stor takk til Sparebanken Norge for den flotte gå...
27/08/2026

⚽️❤️Tusen takk til Sparebanken Norge! ❤️⚽️

Lærdal Fotball vil rette ein stor takk til Sparebanken Norge for den flotte gåva til den nye 3-arbana vår! 🙌

Denne bana kjem til å bli flittig brukt av dei aller yngste spelarane våre – til mykje leik, fotballglede og ikkje minst mange fine stunder saman på bana⚽️😊

Det er kjekt at me har slike gode støttespelarar som er med på å legge til rette for aktivitet og fotballglede for barn og unge i Lærdal.

Tusen takk!🙏

Sommarferien er over og dei fleste laga starta haustsesongen allereie i forrige veke. Denne veka er det full rulle på Læ...
23/08/2026

Sommarferien er over og dei fleste laga starta haustsesongen allereie i forrige veke. Denne veka er det full rulle på Lærdal stadion, med fleire kampar både på mandag og onsdag!
Me oppmodar alle til å ta turen til stadion for å heia fram våre unge håpefulle❤️

Denna gjengen har verkeleg hatt ei strålande helg, både sportsleg og sosialt!🤩 I skrivande stund er dei på veg heimover ...
09/08/2026

Denna gjengen har verkeleg hatt ei strålande helg, både sportsleg og sosialt!🤩 I skrivande stund er dei på veg heimover til Lærdal med pokalen for 3.plass i Sandarcupen 2026.
Dei gjekk gjennom gruppespelet med 9 poeng og full pott etter sigrar mot Store Bergan, Haugar SK og Kjelsås.
I 1/16-delsfinalen slo dei ut Raufoss fotball på straffekonk, før dei i 1/8-delsfinalen vann 2-0 mot GUI.
I kvartfinalen blei det 1-0 siger i ein jamn og god kamp mot Røa, før det i semien blei stopp med tap 3-4 mot Ready i ein kamp som svinga fram og tilbake med mykje action.
Strålande gjennomført turnering av både gutane og støtteapparatet!🤩 Tusen takk for at dykk representerer klubben vår på ein god, sunn og positiv måte⚽️🔴
Det har vore god stemning både på bana og utanfor, so då kan ein ikkje sei anna enn at dette har vore særs vellykka!
📷Stine Kvam Golf

Gutane er vidare frå 1/16-delsfinalen mot Raufoss fotball etter siger på straffekonk! Me ynskjer dei lykke til i 1/8-del...
09/08/2026

Gutane er vidare frå 1/16-delsfinalen mot Raufoss fotball etter siger på straffekonk! Me ynskjer dei lykke til i 1/8-delsfinalen mot Gui, den er om ein times tid med avspark klokka 11:35.
Kan sei mykje om straffekonk-formatet, men at det er lærerikt på godt og vondt, og at det skapar minner, det kan det argumenterast for😅⚽️
Stå på karar!

G13/14-gjengen vår er i desse dagar i Sandefjord på Sandarcup og spelar 9’er-turnering. Dei har komt godt i gong og har ...
08/08/2026

G13/14-gjengen vår er i desse dagar i Sandefjord på Sandarcup og spelar 9’er-turnering. Dei har komt godt i gong og har spelt tre kampar, der alle har endt med solid siger! Dermed er dei kvalifiserte for a-sluttspelet imorgon.
Det er ikkje berre at kampane har endt med siger, men spelet har også vore svært positivt. Stemninga er sjølvsagt dermed heilt på topp i både spelargruppa og støtteapparatet for øvrig.
Me ynskjer alle spelarar og støtteapparat ein riktig god laurdagskveld på cupshowet, og masse lykke til med sluttspelet imorgon!
Me heiar sjølvsagt på denne flotte, ivrige og gode gjengen! Heia Lærdal⚽️❤️🔴

Då er Norway Cup-eventyret over for begge laga våre. J14 tapte nemleg ein jamn og intens kamp 1-2 mot Gjoa Youth Soccer ...
30/07/2026

Då er Norway Cup-eventyret over for begge laga våre. J14 tapte nemleg ein jamn og intens kamp 1-2 mot Gjoa Youth Soccer frå New York. Då var begge laga ferdigspelt etter sin 1/8-delsfinale. For ein fantastisk oppleving for alle involverte🤩 Alle har hatt nokre nydelege dagar både sportsleg og sosialt. Nyt den siste kvelden maksimalt alle saman, og ha ein aldeles strålande dag på Tusenfryd imorgon før heimreise. Me er endelaust stolte over måten dykk respresenrerer Indre Sogn på.
No sit jentene att med minner dei aldri vil gløyma, nydeleg å tenka på!

Begge laga spelte sine kampar klokka 10:30 i dag. J13 møtte i sin 1/8-delsfinale Tertnes fotball. Etter at dei leia 2-1 ...
30/07/2026

Begge laga spelte sine kampar klokka 10:30 i dag. J13 møtte i sin 1/8-delsfinale Tertnes fotball. Etter at dei leia 2-1 til pause endte det med tap 2-4 til slutt. Me gratulerer jentene med ein enormt sterk prestasjon i årets Norway Cup!

J14 spelte sin 1/16-delsfinale i dag mot KFUM-Oslo. Det endte med ein dønn solid 4-1 siger. Strålande utført kamp! Dei skal i sin 1/8-delsfinale spele mot Gjoa Youth Soccer frå New York seinare i dag. Det vert enormt spennande! Gratulera med avansement:)

Dermed ventar det ei natt til i hovudstaden, og det er tid for blant anna Tusenfryd.

Kos dykk masse vidare alle!🤩🙏

📷Nina Voll Eltun

29/07/2026

Idrettsgleda var stor i det dommaren bles av og 1/16-delsfinalen mot Jutul i dag! Minnene etter denne turneringa byrja å bli mange, og dei kjem til å sitta i lenge🤩🥰 Imorgon skal begge laga fortsette sluttspelet sitt, der j13 skal spele 1/8-delsfinale mot Tertnes, medan j14 spelar 1/16-delsfinale mot KFUM-Oslo.
Begge kampane startar klokka 10:30. Nyt kvelden alle i hop, og masse lykke til imorgon!☀️⚽️

Jenter med mentalitet!🫡J13 har nettopp spelt ferdig sin 16-delsfinale i a-sluttspelet. Dei låg under 3-4 mot Jutul når d...
29/07/2026

Jenter med mentalitet!🫡
J13 har nettopp spelt ferdig sin 16-delsfinale i a-sluttspelet. Dei låg under 3-4 mot Jutul når det var 4min att. Men ein enorm sluttspurt og snuoperasjon førte til ein kruttsterk 5-4 siger!
J14 startar sitt sluttspel imorgon, og bidrog som heiagjeng og viktig støtte for j13 i dag. Me gratulerer jentene med ein strålande gjennomført kamp og ynskjer dei ein kjekk og flott dag vidare!🤩☀️⚽️

Adresse

Lærdal Stadion
Lærdalsøyri
6887

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lærdal IL Fotball legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del