Hareid IL

Hareid IL Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Hareid IL, Idrettslag, Myravegen 12, Hareid.

26/03/2026
Heile 30 deltakarar møtte opp på trening i går. Fantastisk innsats av kvar einaste ein! 😍💦 No tek vi ei lita påskeferie,...
24/03/2026

Heile 30 deltakarar møtte opp på trening i går. Fantastisk innsats av kvar einaste ein! 😍💦

No tek vi ei lita påskeferie, men tilbodet fortsetter også etter påske. Vi sjåast igjen då, med fyrste økt mandag 13. april!

God påske alle saman 🐰🐣

I dag er det siste økt med basistrening før påske. Kom og bli med du også, 1930-2015😍🐣💪🏼
23/03/2026

I dag er det siste økt med basistrening før påske. Kom og bli med du også, 1930-2015😍🐣💪🏼

Så kjekt at cheerleading-tilbodet på Hareid blir løfta fram! 🤸‍♀️Les saka her 👇
10/03/2026

Så kjekt at cheerleading-tilbodet på Hareid blir løfta fram! 🤸‍♀️

Les saka her 👇

Denne uken hadde Hareid IL sin andre cheerleading-trening. De har også sikret seg en hovedtrener som selv har erfaring som både utøver og medaljevinner.

Gratulerer Borghild🤩👏
28/02/2026

Gratulerer Borghild🤩👏

Denne helga er det NM innandørs i Bergen. Borghild Holstad sprang i dag inn til 3.plass på 400 m👏👏👏
Her saman med to andre representantar frå kretsen: Fride Møller Flatin (Dimna) som tok 1.plass i kappgang og Elise Hoel Ulseth (Norodd) som tok 1.plass høgde!
GRATULERER så mykje til alle tre🤩👏

(📷:A.H)

26/02/2026

Innkalling årsmøte Hareid IL

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Hareid Idrettslag 25. mars 2026 kl.18 i Festsalen på klubbhuset, Myravegen 12.

Sakliste for årsmøtet:
1. Godkjenne dei som har røysterett

2. Val av dirigent (ar)

3. Val av protokollførar (ar)

4. Velje to medlemmar til å underskrive protokollen

5. Godkjenne innkallinga

6. Godkjenne sakliste

7. Godkjenne forretningsordenen

8. Handsame årsmeldinga frå idrettslaget

9. Handsame rekneskapen til idrettslaget, den økonomiske meldinga til styret, meldinga frå kontrollutvalet og meldinga frå revisor.

10. Handsame forslag og saker

11. Fastsette medlemskontingent og treningsavgift

12. Vedta budsjett til idrettslaget

13. Handsame forslaget om å utvide hovudstyret med ein representant

14. Gjere følgjande val:
a) Styre med leiar, nestleiar, 3-6 styremedlem og 2 varamedlemmar
b) Kontrollutvalet med 2 medlemmar og minst 1 varamedlem
c) Representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gje styret fullmakt til å nemne opp representantar
d) Valnemnd med leiar, to medlemmar og eit varamedlem
e) Eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget:

15. Engasjere revisor til å revidere rekneskapen til idrettslaget.

Saker som ein ynskjer handsama må vere styret i hende innan 11.mars 2026

Årsmøtedokumenta vert tilgjengelege på hareidil.no seinast 18.mars

Med helsing
Hovudstyret i Hareid IL

22/02/2026
Sjå her! Bli med på cheerleading, eit nytt tilbod for alle frå 12 år og oppover, både gutar og jenter!
20/02/2026

Sjå her! Bli med på cheerleading, eit nytt tilbod for alle frå 12 år og oppover, både gutar og jenter!

Cheerleading er nok for mange noko «amerikansk» dei har høyrt om, men sporten er i sterk framvekst i Noreg. No startar Hareid IL eit cheerleadingtilbod.

14/02/2026

Situasjonen i Hareid IL er avklart - aktivitetane startar opp att

Hareid IL kan no dele den gledelege nyheita at gruppene vil vere i full aktivitet i løpet av få dagar. Vi er klare for å starte opp att med treningar og vanleg drift i både Turngruppa og Fotballgruppa. Etter ei krevjande periode har vi saman kome fram til ei løysing som gjer det mogleg å sikre vidare aktivitet for barn og unge.

Fortløpande informasjon og eventuelle justeringar vil bli publisert i dei respektive Spond-gruppene. Vi oppmodar alle aktive og føresette om å følgje nøye med der for oppdateringar.

Hareid IL ønskjer samstundes å rette ei stor takk til alle som har bidrege og stått i prosessen. Perioden har vore krevjande for mange, og vi erkjenner at situasjonen har vore opplevd som belastande for fleire involverte.

Vi tek med oss erfaringane frå denne perioden og vil arbeide vidare med å styrke rutinar, forutsigbarheit og tryggleik i klubben. Det er viktig for oss at Hareid IL skal vere ein stad der det er trygt å seie ifrå, og der både barn, unge, trenarar og frivillige kjenner seg trygge.

Vi har forståing for at enkelte kanskje ikkje kjenner seg klare for å vende tilbake heilt enno. Dette respekterer vi fullt ut. Ulike omsyn må takast, og vi vil møte dette med respekt.

Hareid IL ser fram til å ønskje alle velkomne tilbake på våre arenaer i dagane og vekene som kjem.

Med vennlig hilsen

Hareid IL
Odd Arve Riise Kst leiar

13/02/2026

Hareidhallen er dessverre stengt mandag og tirsdag neste veke grunna vedlikehald og sertifisering, så basistreninga mandag 16.02 utgår. Vi sjåast igjen til ei økt måndag 23.02!😄

Vi må berre få seie det: Vi er utruleg heldige!Senior- og dugnadsgjengen står på for fullt og malar klubbhuset vårt. Det...
11/02/2026

Vi må berre få seie det: Vi er utruleg heldige!

Senior- og dugnadsgjengen står på for fullt og malar klubbhuset vårt. Det går i gode historier, latter, ei velfortent kaffipause etter kvart og sjølvsagt litt OL på radioen.

Dette er ekte lagånd. Frivillig innsats og vilje til å bidra for fellesskapet. Klubben vår hadde ikkje vore det same utan dokke. Tusen, tusen takk for innsatsen dokke legg ned🙌

Påmeldingsfristen til handballskulen nærmar seg! Bli med, og få to kjekke dagar i Hareidhallen 😍🤾‍♀️🤾‍♂️
10/02/2026

Påmeldingsfristen til handballskulen nærmar seg! Bli med, og få to kjekke dagar i Hareidhallen 😍🤾‍♀️🤾‍♂️

Adresse

Myravegen 12
Hareid
6060

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hareid IL legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hareid IL:

Del