22/08/2026
Me vil takke for godt oppmøte og triveleg lag på det årlege trappeløpet opp Hovdetrappa. Me hadde fellesstart for dei yngste før me sette i gang med tidtaking av dei over 10 år.
Det vart sett to rekordar: ein for herrar og ein for kvinner.
Eirik Andreas Mortensbakke sette rekorden for herrar med tida 3:10, og Emma Forsell var raskaste kvinne med tida 6:29.
Beggje er svært gode tider, og dei vart tildelt ein SIL-kopp, i tillegg til at dei får namnet sitt på eit trinn i trappa.
So var det triveleg at så mange bygdefolk valde å koma for å heie.
Ein spesiell takk til Dagali 4H som stilte opp med kakesal, det kom godt med etter ei kraftprøve opp trappa!
Velkomen attende neste år! :)
Takk for fantastisk flotte bilete teke av Irene Jonassen, samt mobilbilete frå Olav.