07/09/2026
Alle tilgjengelege timar med Ingri:
🌿 Energi & Flyt:
-Styrk kroppen. Ro sinnet. Fyll på med energi-
Ein heilskapleg rørsletime for deg som ønskjer meir energi, mindre stress og ein kropp som kjennest sterkare og friare.
Vi startar med å vekkje kroppen og skape kontakt gjennom mjuke rørsler og flyt. Deretter arbeider vi med fleksibilitet, styrke og balanse – før vi avsluttar med pust og avspenning som hjelper kroppen med å lande.
Ein time som kombinerer det beste frå yoga, qigong og mindful rørsle.
Du kan vente deg:
✓ meir fleksibilitet
✓ auka styrke og stabilitet
✓ meir ro i kropp og sinn
✓ betre fokus og nærvær
✓ ei kjensle av påfyll og overskot
Passar for alle nivå – du treng inga erfaring frå yoga eller Qi Gong. Passer også for dei som er erfarne, i denne timen rommar vi alt!
🌟🌟🌟
🌱 Livskraft:
-Finn vegen tilbake til energi og overskot-
Ein roleg og nærande time for deg som kjenner deg sliten, tappa eller tom for krefter – og som ønskjer ein skånsam veg til meir energi, overskot og livsglede.
Gjennom mjuke rørsler, pust og avspenning skaper vi rom for å hente oss inn og fylle på. Vi utforskar korleis små, enkle rørsler kan bidra til meir flyt og ei kjensle av å vere meir til stades i deg sjølv.
Vi arbeider med:
✓ mjuke og energigivande rørsler
✓ pust og merksemd
✓ avspenning og restitusjon
✓ kontakt med kroppen og eigne behov
✓ å finne tilbake til glede, energi og overskot
Livskraft handlar ikkje om å presse seg til å yte meir. Det handlar om å stoppe opp, lytte innover og gi kroppen og sinnet det dei treng for å kunne hente seg inn.
Passar for deg som ønskjer ei roleg og skånsam time med fokus på påfyll, energi og livsglede.
🌟🌟🌟
💪 Sterk kjerne:
-Bygg styrke innanfrå-
Ein roleg og effektiv time med fokus på kroppen sin djupe støttemuskulatur.
Gjennom aktiv pust, medviten aktivering og skånsame yoga øvingar byggjer vi styrke og stabilitet i mage, rygg og be**enområdet.
Målet er ein sterkare og meir stødig kropp, betre kroppskontroll og auka tryggleik i rørsle.
Passar for kvinner og menn som ønskjer å:
✓ styrkje kjernen og be**enbotnen
✓ betre stabilitet og kropps-haldning
✓ førebyggje eller redusere plager knytte til svakheit i kroppen
✓ finne tilbake til styrke etter tidlegare fødslar eller belastningar og/eller på grunn av aldring
Ingen forkunnskapar er nødvendige.
🌟🌟🌟
🎶 Gongbad:
-Ei pause frå kvardagen – berre kvil og ta imot-
Gongbad er ei djupt avslappande oppleving der du ligg komfortabelt medan rolege gongtonar fyller rommet.
Me startar med enkel, mjuk yoga oppvarming for å roe ned kroppen.
Deretter får du kvile mjukt og komfortabelt medan gongens djupe vibrasjonar og frekvensar får sige djupt inn i kroppen din. Du treng ikkje prestere eller gjere noko. Berre kome som du er, leggje til rette for kvile og la kroppen få sleppe taket. -Let go.
Ei stund for:
✓ djup avspenning
✓ mindre stress
✓ rolegare kropp og sinn
✓ mental pause
✓ påfyll av energi
Passar for alle – ingen erfaring nødvendig.
🌟🌟🌟
👶 Barselyoga:
-Ei roleg stund for deg og kroppen din etter fødsel-
Ei trygg og nærande time for deg som er nybakt mamma.
Vi fokuserer på å byggje opp kroppen igjen etter graviditet og fødsel gjennom skånsame rørsler, pust, avspenning og øvingar som gir styrke og betre kontakt med kroppen.
Ei fin stund der du kan ta vare på deg sjølv – samtidig som babyen er velkomen.
Fokus på:
✓ be**enbotn og kjernestyrke
✓ bevegelse og avspenning
✓ pust og ro
✓ ein trygg veg tilbake til aktivitet
🌟🌟🌟
🤰 Gravidyoga:
-Førebu kroppen og sinnet til fødsel-
Ei roleg og styrkjande yogatime for deg som er gravid – anten du er ny til yoga eller har erfaring frå før.
Gjennom tilpassa yogaøvingar, pust, rørsle og avspenning får du høve til å halde kroppen i form gjennom svangerskapet, samtidig som du førebur deg fysisk og mentalt til fødselen.
Vi arbeider med:
✓ styrke og bevegelse som støttar kroppen gjennom svangerskapet
✓ be**en, hofter og rygg som ofte blir ekstra belasta
✓ pust og avspenning som verktøy i møte med fødsel
✓ øvingar som kan gi ein sterkare og mjukare kropp
✓ tillit til eigne ressursar og styrke kroppen si eiga evne til å føde
Gravidyoga handlar ikkje om å prestere, men om å gi kroppen gode føresetnader gjennom ei tid med store endringar – og finne verktøy du kan ha glede av både i svangerskapet og under fødselen.
Passar for gravide i alle trimester – og du treng inga tidlegare yogaerfaring.
🌟🌟🌟
🌿 Qigong for nybegynnar:
-Oppdag ein spennande veg til meir energi, fokus og ro-
Har du lyst til å prøve noko litt annleis? Qigong er ein gamal kinesisk bevegelsespraksis som kombinerer rolige rørsler, pust og nærvær.
Eg oppdaga sjølv qigong nokre år etter at eg begynte å utforske ulike former for rørsle – og blei veldig overraska over kor mykje energi, fokus og ro eg kunne kjenne gjennom noko som var så enkelt.
I denne timen lærer du grunnleggjande qi gong bevegelsar og får utforske korleis pust, rytme og flyt kan gjere bevegelsen både spennande og energigivande.
Vi arbeider med:
✓ enkle og flytande qigongrørsler
✓ pust og koordinasjon
✓ balanse og stabilitet
✓ øvingar som kan gi energi og overskot
✓ fokus, konsentrasjon og mental klarhet
Qigong kan sjå enkelt ut – men rommar mykje. Det er ein praksis du kan utvikle vidare over tid, og som kan gi både fysisk energi, mental skjerping og ei deilig kjensle av flyt.
Passar for alle – spesielt for deg som er nysgjerrig på qigong og har lyst til å prøve noko nytt.
Ingen erfaring nødvendig.
🌟🌟🌟
🧘 Yoga for nybegynnar:
-Hopp i det – og kjenn overskotet og roa yoga kan gi deg!-
Har du lyst til å prøve yoga, men tenkjer at du kanskje er for stiv, utrena eller uerfaren? -Då er denne timen for deg. Eller du har gjort yoga før, men har lyst å starte litt på nytt igjen. -Då er denne timen også for deg!
Her får du ei enkel og trygg innføring i klassisk yoga (Hatha yoga). Vi tek oss god tid til å forklare øvingane og utforske dei i eit roleg tempo.
Du treng ikkje kunne noko frå før. Vi møter kroppen akkurat der han er – og byggjer vidare derfrå.
Vi arbeider med:
✓ enkle fysiske yogaøvingar
✓ fleksibilitet, styrke og balanse
✓ enkle pusteøvingar
✓ grunnleggjande meditasjon og nærvær
✓ avspenning og ro
Yoga kan bidra til ein sterkare og meir fleksibel kropp, betre balanse og kroppskontroll – samtidig som pust, merksemd og avspenning kan gi meir ro og nærvær i kvardagen.
Og kanskje oppdagar du at yoga er noko du får lyst til å gjere meir av. At du byrjar å glede deg til det, kjenner deg friare i kroppen og meir til stades i deg sjølv – og rett og slett blir litt hekta av den gode kjensla yoga gir.
Passar for alle – ingen forkunnskapar nødvendige. Kom akkurat som du er.
🌟🌟🌟
👨👩👧👦 Familieyoga:
-Yoga, bevegelse og glede – saman!
Ei morosam, livleg og nærande yogatime der barn og vaksne får bevege seg, utforske yoga og oppleve gleda ved å gjere noko saman.
Vi bruker enkle yogaøvingar, balanse, styrke, bevegelse og samarbeid – med rom for både latter, utfordringar og meistring.
Vi arbeider med:
✓ morosame og enkle yogaøvingar
✓ balanse, styrke og fleksibilitet
✓ samarbeid og samspel mellom barn og vaksne
✓ pust og avspenning
✓ rørsleglede og meistring
Og etter kroppen har fått bevege seg, avsluttar vi med ei deilig gongkvile. Då får både små og store leggje seg godt til rette, lytte til dei mjuke gongtonane og berre nyte ei lita stund med fullstendig kvile.
Ta med eigne barn, tantebarn, barnebarn eller barna til ein ven – og kom og prøv!
Éin vaksen kan ha med seg opptil tre barn. Prisen er per vaksen, så ta gjerne med fleire små yogavener!
Passar for barn og vaksne som har lyst til å bevege seg, ha det gøy og gjere noko saman.
Ingen erfaring nødvendig.