Bømlo Symjeklubb

Bømlo Symjeklubb Bømlo Symjeklubb re-lanserar 2018, på ei øy på vestkysten av Noreg / Bømlo Swim Club re-launches April 2018, on a island off the West Coast of Norway

NM langbane 2026 er over, og me kan seie oss godt nøgde med meisterskapet 🤩Odin hadde ei god helg med b-finale i 100 fly...
05/07/2026

NM langbane 2026 er over, og me kan seie oss godt nøgde med meisterskapet 🤩
Odin hadde ei god helg med b-finale i 100 fly og ein sterk 50 fly med den beste tida han har svømt sidan 2024. Tett på all time pers. Han var berre ein fattig hundredel frå b-finale. Søndag svømte han 50 fri rett over pers. Alt i alt ei god helg 👏👏👏
Emil fekk ein fantastisk start med bronse i ungdomsklassen på 100 fly. Lørdag følgte han opp med ein god 50 fly 3 hundredelar over pers. Det holdt til ein god fjerdeplass i ungdomsklassen. Søndag avslutta han med 200 fly. Han starta fint første 100, men fekk det tøft i avsluttinga. Likevel var han under sekundet bak pers og fekk med det ein fin 6. plass i ungdomsklassen. Ei flott helg av Emil 👏👏👏
Me tek med oss gode prestasjonar og erfaringar i bagasjen heim. No vert det ein liten sommarferie før me startar oppkjøringa til kortbanesesongen 🤩

Dag 1 på NM har starta heilt fantastisk 🤩 👏👏👏 Odin har kvalifisert seg til B-finale i 100 Butterfly og Emil klinka til m...
02/07/2026

Dag 1 på NM har starta heilt fantastisk 🤩 👏👏👏 Odin har kvalifisert seg til B-finale i 100 Butterfly og Emil klinka til med ein solid pers i same øving. Tida 58.50 holdt til ein råsterk 3. plass i NM ungdom 🥉Det er første gong klubben tar medalje i NM ungdom i gutteklassen. Gratulerer så mykje til begge to 🤩 Me er superstolte 🥰

Emil og Odin har akkurat testa bassenget i Tøyenbadet 👌🤞 I morgon startar NM langbane og karane er klare 🤩 Odin skal sym...
01/07/2026

Emil og Odin har akkurat testa bassenget i Tøyenbadet 👌🤞 I morgon startar NM langbane og karane er klare 🤩 Odin skal symje øvingane 50 og 100 fly, og 50 fri. Emil skal symje 50, 100 og 200 fly. Me ønsker dei lykke til 🤞

Strålande helg for symjarane i BSK på AdO Cup i Bergen 🤩BSK stilte med 15 symjarar til langbanestemne i Bergen denne hel...
15/06/2026

Strålande helg for symjarane i BSK på AdO Cup i Bergen 🤩

BSK stilte med 15 symjarar til langbanestemne i Bergen denne helga. For nokre av symjarane var det første gang i langbane, for andre var det eitt år sidan sist. Det var mykje gode erfaringar og flotte resultat. Alle symjarane presterte godt med stor framgang frå året før. Det var fleire store persar og god teknisk symjing. I tillegg hadde me 5 stafettstartar med solid symjing og gode vekslingar 👌

Det var finalar for senior i klassen 2011 og eldre, samt yngre junior i klassen 2012 og yngre. Odin kom til seniorfilane i øvinga 50 fly der han svømte inn til ein 3. plass i eit sterkt felt 👏👏👏 Michael kvalifiserte seg til 5 finalar der tre var i klassen yngre junior og to superfinalar på tvers av klassane. Han vann finalane for yngre junior i 50 fri og 100 rygg, og vart nummer 2 i finalen på 50 fly. I superfinalen på 200 fri svømte han inn på ein solid 6. plass på tida 2.04,52 💪👏👏👏 I tillegg vann Michael bestemannsprisen i klassen yngre junior 🤩

Me kan også gratulere Emil med krav på 50 fri til UM langbane, og Michael med sitt første juniorkrav på øvinga 200 fly 👏👏👏👏

Dette var ein solid sesongavslutning for symjarane i BSK. For Odin og Emil gjenstår NM langbane i Oslo i juli før dei tek seg ein velfortjent ferie 🤩

Årsklassemeisterskapen 2026 i Fredrikstad er avslutta og me kan sjå tilbake på ei fantastisk helg med elleville prestasj...
31/05/2026

Årsklassemeisterskapen 2026 i Fredrikstad er avslutta og me kan sjå tilbake på ei fantastisk helg med elleville prestasjonar.
Michael vann 400 fri, 100 butterfly og 200 Im, tok sølv på 200 rygg og ein fjerdeplass på 200 bryst. Han vinn ein overlegen totalseier i klassen 2012. Michael er på svært høgt nivå i alle øvingar, og har hatt ei fantastisk utvikling det siste året. Det blir spennande å følge Michael vidare i ÅM i åra som kjem. Gratulerer så mykje 💪💪💪👏👏👏
Emil har byrja å satse meir på sprint og hadde 100 butterfly som prioritert øvelse. Der tok han ein sterk andreplass. Han svømte litt over pers, men kom inn i stemnet på tampen av sjukdom. Det gjer prestasjonen enda sterkare!!! Dette var Emil sitt siste ÅM, og no vil han gå over til meir spesialisering i sprint. Gratulerer så mykje med god fly 💪💪👏👏👏
Klubben vår markerar seg på nasjonalt nivå. Det er skikkelig stas! Takk til dedikerte symjarar og alt frivillig arbeid som blir lagt ned.

Bømlo Symjeklubb deltok denne helga på Haugaland Kraft Open med fleire gode prestasjonar. Tre utøvarar – Morian, Karolin...
31/05/2026

Bømlo Symjeklubb deltok denne helga på Haugaland Kraft Open med fleire gode prestasjonar. Tre utøvarar – Morian, Karoline A og Karoline L – gjennomførte sitt første approberte stemne, og gjorde ein flott innsats. Ingen tekniske diskvalifikasjonar på dei nye viser at dei har fått god opplæring i rekrutt-gruppa. Klubben stilte også med to stafettlag på 4x50 medley jenter, eitt juniorlag og eitt seniorlag, som begge tok gull.
Totalt vart det sett heile 17 personlege rekordar i løpet av stemnet, og alle utøvarane hadde minst ein ny rekord. Dette viser god framgang og lovande utvikling i klubben.

Strålande start på første del av siste dag på ÅM 💪🤩 Michael vinner 🥇 100fly i klassen 2012 på tida 1.00,66. Emil tar and...
31/05/2026

Strålande start på første del av siste dag på ÅM 💪🤩 Michael vinner 🥇 100fly i klassen 2012 på tida 1.00,66. Emil tar andreplassen 🥈på same øving i klassen 2010 på tida 57,92. Gratulerer så mykje til begge to 👏👏👏

Gullalarm!!! Michael vinner eit suverent gull 🥇på 400 fri i klassen gutter 2012 på den vanvittige tida 4.12,18!!! Me tar...
29/05/2026

Gullalarm!!! Michael vinner eit suverent gull 🥇på 400 fri i klassen gutter 2012 på den vanvittige tida 4.12,18!!! Me tar av oss hatten 🤩

Michael og Emil er på plass i Fredrikstad klare til å representere BSK i Zeekit Årsklassemeisterskap. I kveld er det 400...
29/05/2026

Michael og Emil er på plass i Fredrikstad klare til å representere BSK i Zeekit Årsklassemeisterskap. I kveld er det 400 fri, i morgon 200 rygg og 200 bryst, og på søndag avsluttar dei med 100 Butterfly og 200 IM. Me ønsker dei lykke til 🤞👏👏👏

14. -16. mai vart det, for første gong, arrangert landssamling for region vest, nord og sør i Skien/Porsgrunn. Blant dei...
18/05/2026

14. -16. mai vart det, for første gong, arrangert landssamling for region vest, nord og sør i Skien/Porsgrunn. Blant dei 97 deltakarane frå region vest, var vår eigen Michael Anthun.
Michael har vore på regionslaget i vest sidan februar, og har no kvalifisert seg for samlingar for 25/26. Me er så stolte!

På landssamlinga vart det svømt mange meter der symjarane fekk spesialisere seg. I tillegg hadde dei teoriøkter der dei fekk kunnskap som kan gi auka forståing for korleis muskelfunksjon heng saman med det som skjer i bassenget. Med andre ord, ei intens og lærerik samling.
Anastasiya var også med på samling som trenar, og fekk med det tileigna seg viktig kunnskap som ho tar med seg tilbake til klubben. Det er storvegs!

📷 gruppebilete: NSF
📷 Anastasiya Anthun

Adresse

IDRETTSVEGEN 91
Bømlo
5430BREMNES

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bømlo Symjeklubb legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bømlo Symjeklubb:

Snarveier

Del