11/04/2026
I dag åpner vi Mana Studio!!!! Og eg er så spent 😍 Dei siste vekene har vi jobba dag og natt for at dette skal bli det varmaste, behagelige pusterommet vi alle trenger ✨
Eg vil rette ei STOR takk spesielt til pappa og mamma som har hatt lange dagar og seine netter for at dette skal bli så bra som mogleg! Noko som ikkje alltid er like lett med ei dotter som veit AKKURAT korleis ho vil ha det 😂 Samtidig vil eg takke alle dei som har bidrege og lagt igjen ein stor innsats for at alt skal gå rundt. Ingen nevnt, ingen glemt. Eg hadde ikkje stått klar med åpning i dag utan. (Uansett kor urealistisk og tidsoptimist eg til tider kan være 🤭)
Kl. 11:00 åpnar vi dørene og du kan komme inn å sjå lokalet, kikke i butikken og få litt ekstra gode tilbod 🤎 Ope til 15:00. Inngang på framsida, ved sida av Biblioteket.
Det blir ingen program akkurat i dag, då eg ønsker at dei som vil kan få ro til å sjå seg rundt og bli kjent med pusterommet og slå av ein liten prat. Men frå veka blir det full aktivitet her 🤎
Det blir servert heimelaga ferske bollar (førstemann til mølla 🤭), kaffi og te. Sola skinner i dag og det kunne verkeleg ikkje passa betre!
Eg er så SINNSJUKT takknemleg for alle meldingar og heiarop og vil berre beklage til alle som ikkje enno har fått svar. Søndag skal eg svare alle og ein kvar då senker roa seg. Men akkurat no vil eg berre takke 🤎 Eg ser dykk og eg set ufatteleg stor pris på alle som heiar.
Askvoll betyr mykje for meg og eg håpar at vi saman kan utvikle Mana Studio til å bli det trygge rommet vi alle treng 🤎
Er du nysgjerrig på å høyre meir? Her om dagen var eg ein tur innom NRK Sogn og Fjordane for å prate litt og det kan du lytte til her:
👇
https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-sogn-og-fjordane/DKSF01006726?utm_source=nrkradio&utm_medium=delelenke-ios&utm_content=prf:DKSF01006726
EG GLER MEG!!!
Tusen tusen takk 🤎 Og velkomen!
- Anniken Gjørøy