Askvoll Idrettslag

Askvoll Idrettslag Hovudlaget til Askvoll idrettslag si offisielle Facebookside. mars 2024 består av leiar, nestleiar, sekretær og eitt styremedlem frå kvar av undergruppene.

Styresamansetning 2024:

Leiar: Arve Åsnes
Nestleiar: Stein Erlend Nesberg
Sekretær: Steffen Gerardo Lisboa Iversen
Styremedlem: Marina Gjøringbø
Styremedlem: Jeanett Helleset Solheim
Styremedlem: Umberto Iversen
Styremedlem: Gøril Fristad
Varamedlem: Siv Tønder

Det nye styret valgt på årsmøtet 10. Det vart bestemt på årsmøtet 2024 at det skal vere ein medlemsansvarleg for kvar undergruppe som a

dministrerer medlemssystemet til AHIL i Spond Club. Desse skal ha eit internt samarbeid, og rapporterer/samarbeider med leiar/nestleiar/sekretær. Styret ved leiar, nestleiar og sekretær tar dagleg administrasjonen på vegne av hovudlaget. Når det er saker som styret må handsame og/eller gjere vedtak på kallar leiar inn hovudlaget til møte. Møtefrekvens skal haldast til eit minimum og avhengig av saker til handsaming. Sjå årshjul.

Fleire nye o-løperar frå AIL under o-løpa i Holmedal og Flokeneset i helga. Takk til alle som kom! 🏃‍♀️ 🏃‍♂️
14/05/2026

Fleire nye o-løperar frå AIL under o-løpa i Holmedal og Flokeneset i helga. Takk til alle som kom! 🏃‍♀️ 🏃‍♂️

Kongen kjem til Askvoll 👑 Vi oppfordra alle til å delta på dugad for å gjere Askvoll nydelig og flott til besøket!
13/05/2026

Kongen kjem til Askvoll 👑

Vi oppfordra alle til å delta på dugad for å gjere Askvoll nydelig og flott til besøket!

Holmedal og Flokenes sprinten 2026! 🏃 AIL orientering ønsker velkommen til📍Holmedalsprinten laurdag 9. mai kl. 17 📍Floke...
04/05/2026

Holmedal og Flokenes sprinten 2026! 🏃

AIL orientering ønsker velkommen til
📍Holmedalsprinten laurdag 9. mai kl. 17
📍Flokeneset søndag 10. mai kl 12

Oppmøte:
Holmedal - Hilvang 🏃‍♂️
Flokeneset - Flokeneset grendahus 🏃‍♀️

Det er løyper for alle, med ulike lengder og vanskegradar. I N- og C-løypene kan ein springe eller gå, aleine eller saman med andre barn eller vaksne.

Det er også høve til delta i konkurranseklassar og opne løyper/klassar. Premiar til alle tom 12 år, og til 1/3 i konkurranseklassane.

Meld deg på til Edvin, 90064632, [email protected] eller Gøril på 92641210, med namn og alder, så skal arrangøren ha kart og brikker klare. Eller møt på Hilvang på laurdag før kl. 16.
Arrangementet er gratis for alle barn tom 16 år, som er turlagsmedlem eller medlem i AIL.

16/04/2026

Askvoll Idrettslag ⚽️

Fekk du ikkje tatt turen innom klubbkvelden i Askvoll? Då får du moglegheit fram til 25.04 til å få 30 % på Umbro. Velkommen inn til ein hyggeleg klubbhandel 😊

Klubb-kveld i morgon! 📍Skuleidrettsplassen ved hallen⏰ 17:00 - 19:00 Direkte bestilling via Dale sportSal av Askvoll IL ...
14/04/2026

Klubb-kveld i morgon!

📍Skuleidrettsplassen ved hallen
⏰ 17:00 - 19:00

Direkte bestilling via Dale sport

Sal av Askvoll IL supporter utstyr! 📣

09/04/2026

Onsdag 15.april er det sessongstart for fotball 2026💥

Våren er her og vi ser fram til å komme oss ut og nytte idrettsanlegga våre i tida framover!

Info ℹ️

⚽️ 15.04 er det klubbkveld på skuleidrettsplassen fra kl 17:00
⚽️ Dale sport tar med klubbtøy slik at ein kan sjå og prøve og tek mot bestillingar.
⚽️ 30% rabatt

✍️ er du ikkje medlem i idrettslaget? Bli medlem då vell! Støttemedlem eller aktivt medlem
✍️ våre Spond damer vil være tilgjengelig for å hjelpe deg med alt av spørsmål rundt medlemskap og spond

Onsdag 15.04 💥
Skule idrettsplassen 📍

08/04/2026

Laurdag 11. april går startskotet for Stolpejakten og TiTur Dalsfjorden – ein perfekt start på tursesongen med aktivitet og naturopplevingar for alle.

07/04/2026

Vi kjem nok til å sakne lokaloppgjera på Dingemoen og Skuleidrettsplassen på damesida! MEN for å sikre eit solid fotballtilbod til jenter og damer i Dalsfjordområdet vert det no samarbeidslag Dale/Askvoll 2026 for sesongen i 5.divisjon kvinner 11/9ar. Dette vil medføre ei større treningsgruppe og eit større jentefotballmiljø i regionen 😁⚽ Begge klubbar stiller også eigne J15-17 lag i år! Dette blir bra Dale IL Fotball 💚💛💙

No gjeld det: Fotballen i Askvoll treng ny leiar!Styret i Askvoll IL Fotball manglar no leiar og styremedlem. Situasjone...
17/03/2026

No gjeld det: Fotballen i Askvoll treng ny leiar!

Styret i Askvoll IL Fotball manglar no leiar og styremedlem. Situasjonen er så alvorleg at vi må vere tydelege: Dersom vi ikkje får på plass desse rollene, kan det bety at heile fotballtilbodet i Askvoll IL må avviklast.

Fotballgruppa står for ein av dei største aktivitetane i idrettslaget, med rundt 180 barn og unge og over 240 medlemmar totalt. Gjennom året blir det arrangert treningar, kampar, cupar og aktivitetar for alle aldrar. Dette er eit svært viktig tilbod for både barn, ungdom og lokalsamfunnet – men det er heilt avhengig av at nokon tek ansvar for å organisere og halde drifta i gang.

Samtidig er dette fullt mogleg å få til. Ein jobbar saman i eit styre, fordeler oppgåver og støttar kvarandre. I tillegg har fotballen eit eige sportsleg utval og fleire personar med ulike ansvarsområde. Du blir altså ein del av eit lag, og står ikkje åleine. Avtroppande leiar vil også bidra med opplæring og støtte slik at overgangen blir god.

Eit styreverv handlar i stor grad om å koordinere og legge til rette – melde på lag, ha dialog med krets og klubb, følgje opp praktiske oppgåver og delta på nokre styremøte i løpet av året. Det er både overkomeleg og lærerikt, og ikkje minst eit viktig bidrag til lokalsamfunnet.

Mange i klubben har teke stort ansvar over tid, ofte i fleire roller. No er vi heilt avhengige av at nye kjem til. Kanskje er det din tur no – eller kanskje kjenner du nokon som bør få ein liten dytt.

Vi planlegg ekstraordinært årsmøte tysdag 31. mars for å få på plass nytt styre.

Ta kontakt dersom du kan vere aktuell, eller vil vite meir om kva verva inneber.

2025 har vore eit spesielt år for Askvoll Idrettslag. I løpet av året har vi markert at laget fyller 100 år. 💚 Høgdepunk...
13/03/2026

2025 har vore eit spesielt år for Askvoll Idrettslag. I løpet av året har vi markert at laget fyller 100 år. 💚

Høgdepunktet vart jubileumshelga i september, med familiedag på Hilvang, opning av nye anlegg og fest i Askvollhallen med mykje meir!

Ta turen på årsmøte for å høyre meir om kva 2025 har bydd på og Askvoll IL sine framtidige planar. 📝

🗓️ Søndag 15.03.2026
⏰ 18:00 - 20:00
📍Naturfagsalen ved Askvoll skule

Adresse

Askvoll
6980

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Askvoll Idrettslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del