05/08/2026
Fyrst og fremst: tusen takk til deg som er medlem av Åseral treningssenter- uten deg, ingen treningssenter🥳Me har også plass til fleire medlemer, så om du vurderer å melde deg inn, skal du vere hjartelig velkomen (uansett form og fasong😀💪🏽).
➡️Me har ope kontor kvar måndag frå klokka 18.00-19.00, og du finn kontoret inne på treningssenteret i fleirbrukshallen.
Me minner så om nokre av reglene for treningssenteret:
✅For å trene aleine på treningssenteret må du ha ei eiga brikke for å kome deg inn. Dersom du ikkje har brikke kan du bli med ein ven/familiemedlem, men du må då vippse 75 kr pr.gong til 506870.
✅For å få eiga brikke må du fylle 16 år det året du kjøper deg brikke. Det vil sei: dersom du går i 10.klasse og fyller 16 år i 2027, kan du ikkje kjøpe eiga brikke før 2027.
✅Dersom du har vore på introkurs kan du trene gratis kvar måndag kl 18.00-19.00, ut året du fyller 16. Du kan og, dersom føresette har eiga brikke og er med deg på senteret, trene gratis fram til året du fyller 16. Det er IKKJE lov å låne mor eller fars brikke og gå aleine.
✅Vask apparat, manualer og treningsmatter etter bruk- alltid🚿😀 Det står sprayflasker rundt om i lokalet til dette føremål.
Prisar for abonnement i treningssenteret:
✳️Årskort (12 mnd frå kjøpsdato)
Kr 1500,- medlem/kr. 2500,- ikkje medlem.
✳️Halvårskort (6 mnd frå kjøpsdato)
Kr. 1000,- medlem/kr. 2000,- ikkje medlem
✳️Månadsabonnement (1 mnd frå kjøpsdato)
Kr. 300,- medlem/kr. 500,- ikkje medlem
⚠️Drop in time
(gjeld kun saman med ven/kollega som har abonnement og som sjølv er tilstades i lokalet) kr 75,-
‼️PS! Du kan få hjelp til å melde deg inn i Åseral IL i treningssenterets kontortid, eller du kan gjere det sjølv her: https://www.minidrett.no/medlemskap/24046
➡️Her er oppdatert vaktliste for hausten (denne kan du også finne på heimesida til ÅIL). Me har ope kontor kvar måndag kl 18-19: